NRK Meny
Normal

Reagerer på Venstreutspel om felles fylkesmann

Stortingsrepresentant, Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet reagerer på utspelet frå Venstre om felles fylkesmann for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Navarsete og Fuglum i vandrehallen på Stortinget

MEINER VENSTRE PRESSAR KOMMUNANE: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Dersom ein ikkje har argument for ei sak så må ein finne opp nye. Regjeringa og Venstre som står for tidenes sentraliseringsreform har ingen gode argument, seier Navarsete.

Før helga sa kommunalpolitisk talsperson André Skjelstad i Venstre, at dersom kommunane i Sogn slår seg saman, kan Leikanger bli regionhovudstad på Vestlandet.

– Dette er nok eit grep for å skremme til samanslåing.

Riset bak spegelen

For når Venstre seier dei vil kjempe for statlege arbeidsplassar til Leikanger har dei samstundes eit ris bak spegelen.

– Når det gjeld statlege arbeidsplassar snakkar vi om 100 hjå fylkesmannen på Leikanger i dag. Risikoen er jo at dersom ein ikkje gjer grep lokalt, mister dei 100 arbeidsplassane, sa Skjelstad før helga.

– Inntektssystemet skremmer til samanslåing fordi ein er redde for å tape inntekter. No skremmer ein og ved meir eller mindre skjulte trugsmål om at ein kan tape 100 arbeidsplassar, om ein ikkje slår seg saman, seier Navarsete.

– Men er det ikkje viktig å gjere som Venstre her seier, og posisjonere seg for nye statlege oppgåver?

– Sogn og Fjordane fekk før, og i tida med den raudgrøne regjeringa, mange nye statlege arbeidsplassar. Det er nok å vise til veksten som har vore ved Lotteritilsynet, på Difi og andre statlege organ i Sogn og Fjordane. Det har ein takla svært godt med den kommunestrukturen ein har i dag.

Miste arbeidsplassar

I Nordfjord meiner ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), at Liv Signe Navarsete ikkje har så mykje å vere stolt av når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar.

Alfred Bjørlo

MISTE ARBEIDSPLASSAR: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Faktum er at berre under dei fire siste åra med raudgrøn regjering så forsvann kvar tiande statlege arbeidsplass i Nordfjord. Sentraliseringskreftene har vore sterke, og sterkast var dei under dei siste fire åra med Navarsete som statsråd. Den siste store utflyttinga av statlege arbeidsplassar skjedde sist Venstre og KrF sat i regjering, seier Bjørlo.

Må vere frivillig

Navarsete meiner kommunesamanslåingar må skje frivillig.

– Med dei trugsmåla som regjeringa og Venstre no kjem med, så fører det til at mange ikkje torer noko anna enn å gå inn i samanslåingar. Det er fortvilande for dei av oss om er opptekne av at vi skal ha prosessar som er opplyste og bygger på folkestyre, seier Navarsete.