NRK Meny

Reagerer på vassgebyr

Dampen trening og trivsel betalar årleg nær 15.500 kroner i vassavgift til Vik kommune for sprinklaranlegget sitt, noko dei meiner er altfor mykje, skriv Sogn Avis. Bedrifta vurderer no å søkje bruksendring for eigedommen for å kutte ut anlegget. Kommunen seier at det i regelverket ikkje er opning for å gjere unntak for sprinklaranlegg.