Hopp til innhold

Reagerer med undring på Venstre-ultimatum

Både Høgre, Frp og KrF reagerer med undring på at fylkesårsmøtet i Venstre stiller ultimatum for å støtte regjeringa si kommunereform.

Montasje: Frank Willy Djuvik, Trude Brosvik og Arve Mjømen

STILLER SEG UNDRANDE TIL ULTIMATUM: Fylkesleiar i Frp Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i KrF Trude Brosvik og fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen.

Foto: Montasje: Geir Bjarte Hjetland, Johan Moen / NRK

– Står ikkje til truande, meiner fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

På årsmøtet sist helg sa Venstre at regjeringa må setje fortgang i arbeidet med å desentralisere statlege arbeidsplassar for at Venstre skal støtte reforma.

– Dette blir litt småtullete av Venstre, men ein skal jo aldri seie aldri når det gjeld Venstre. Dei har jo snudd 180 grader i ei rekke saker sidan vi fekk ny regjering.

Venstre har lenge kanskje vore den ivrigaste pådrivarane for ei kommunereform med større kommunar som kan ta på seg fleire oppgåver. Når fylkesårsmøtet no valde ei fråsegn om saka og formulerer eit ultimatum der dei krev fortgang i prosessen med utflytting av statlege arbeidsplassar for å støtte kommunerefomen , så får det full støtte frå partiet sin stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

STILLER KRAV: Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg tykkjer det er ei viktig fråsegn fordi Stortinget har bede regjeringa om å føre ein offensiv på utflytting av statlege arbeidsplassar. Det har så langt ikkje skjedd. Eg er samd med fylkesårsmøtet i at her må ein sjå dei to tinga i samanheng og krevje at regjeringa leverer på begge områda.

Slår inn opne dører

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen meiner fråsegna er å slå inn opne dører.
Mjømen meiner flytting av oppgåver til større kommunar alt ligg inne som ein premiss i heile reforma, og er samd med Djuvik i at det er vanskeleg å ta Venstre sitt ultimatum alvorleg.

– Viss eg no føl littegrann dei tankane som Venstre har gjort, og som Rotevatn har profilert så kan eg ikkje på nokon måte sjå at dette samsvarar med at ein kan ta eit slikt ultimatum alvorleg.

Litt spesielt

Frank Willy Djuvik

STÅR IKKJE TIL TRUANDE: Frank Willy Djuvik i Frp stiller seg undrande til ultimatumet frå Venstre

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Venstre har jo vore den store pådrivaren for å gjennomføre kommunereforma, og tok det med seg inn i forhandlingane med regjeringspartia og KrF i si tid. Det er litt spesielt at dei truar med å trekke støtta til si eiga fanesak, seier Djuvik.

Også det andre samarbeidspartiet til regjeringa, KrF, er samd med Venstre i sak, men ville sjølve ikkje stilt ultimatum, seier fylkesleiar Trude Brosvik.

–Nei, eg tykkjer det blir litt spesielt i denne saka, men i det å få flytta ut statlege arbeidsplassar så jobbar vi 100 prosent i lag for å det til.