NRK Meny
Normal

Reagerer på salting av E16 i Lærdal

– Den saltinga som har gått føre seg langs E16 i Lærdal i vinter, er rein galskap. Det meiner yrkessjåfør Arnfinn Heggestad.

E16 Borlaugkrysset

REAGERER: Arnfinn Heggestad likar ikkje saltinga på E16 i Lærdalsdalen. Her frå Borlaugkrysset.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Heggestad hevdar Vegvesenet i vinter har salta europavegen, uansett vêr og temperaturforhold.

–Sjølv i lange periodar med kaldt vêr, så saltar dei fleire gonger i døgnet. Også under forhold der vegen hadde blitt tørr av seg sjølv på grunn av kulden, seier Heggestad som er busett i Lærdalsdalen.

Yrkessjåføren seier den stadige saltinga fører til at vegen blir blaut, klissete og møkkete.

Slik er vegane delte inn

Statens vegvesen deler vegane i vinter-Norge inn i tre kategoriar.

E16 i Lærdalsdalen høyrer til i kategorien gul.

Konsekvensar for nærmiljøet

Heggestad seier det ikkje berre er vegen som vert skitten av saltinga. Alt som står langs E16 i Lærdalsdalen, slik som postkasser, skilt og butikkar meiner han vert svart og møkkete.

– Lærdal ser nokre dagar ut som eit gruvesamfunn, seier han og meiner også bilane tek skade.

– Bilane våre rustar så det knakar og den vert dekka av eit feitt lag med saltkliss. Når ein møter vogntog kan ein misse sikta nokre sekund når all skiten treff frontruta. Det er ikkje særleg trafikksikkert i mine auge, seier han.

Forstår ikkje føremålet

Arnfinn Heggestad

- IKKJE SALT NÅR DET ER KALDT: seier Arnfinn Heggestad.

Foto: Privat

– Dei kan la vera å salta når det er kaldt. Eg forstår ikkje føremålet, seier Heggestad.

Han meiner at så lenge Vegvesenet brøyter ved nedbør og held vegen fri for snø så langt det går, så kan dei la kulden gjera jobben under lange kuldeperiodar.

– Då blir vegen knusktørr. Då er det ikkje noko vits i å salte den. Så kan ein bruka sand på kritiske punkt på dei dagane det er glatt, meiner Heggestad.

– Ein spesiell vinter

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim, seier det var vore ein litt spesiell vinter i Lærdalsdalen.

– Vi har hatt bar veg nesten heile tida. Og vi prøvar å vera proaktive. Så lenge vi har bar veg så saltar vi i forkant der det er fare for rimnedslag og frost på vegen, seier Fossheim.

Han vedgår at vegane kan bli tørre av seg sjølv når det er langvarig kuldeperiodar, men at det er punkt på vegen som likevel kan bli glatte.

– Det er faktorar som luftfukt og ei elv i nærleiken av vegen som spelar inn. Vi tar ei vurdering i høve trafikktryggleik, miljø og bruk av salt. Alt er ein balansegang, opplyser prosjektleiaren.

– Er det ekstra låge temperaturar så treng ein nødvendigvis ikkje salte. Men som sagt har nok entreprenøren hatt punkt på vegstrekninga som er utfordrande med tanke på rimnedslag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Ove Fossheim

SALTAR I FORKANT: Per Ove Fossheim, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Vi kan ta ein runde på det

Fossheim meiner lange periodar med bare vegar har gjort at skit og møkk kjem tydelegare fram enn elles.

– Vi registrerer jo at det kan forårsake ting vi helst ikkje skulle hatt. Men totalinntrykket kan bli litt sterkare enn elles, slik Heggestad seier, at det vert skittent.

– Om det er salta for mykje her, så kan vi ta ein runde på det og vurdera det. Då kan vi sjå om det er grunnlag for å redusere på denne strekninga og at ein då tek dei punkta som er mest utsett, avsluttar Fossheim.

Created by InfoDispatcher

Sjå TV-sak om salting av E39.

Vegopning på Bergum i Førde kommune