Hopp til innhold

Stadig nye rapporteringskrav dyngjer kommunane ned i ekstraarbeid

Kommunane brukar urimeleg mykje tid på rapportering. Det syner ei undersøking som Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking har gjennomført.

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, reagerer på rapportering

BLAR: Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, treng ikkje leite lenge før han har funne ein e-post med krav om ekstra rapportering.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Når ein ser på alle dei rapporteringskrava som staten stiller til kommunane, så oppfattar kommunane dette som er vesentleg oppgåve som dei brukar mykje tid på. Det er ikkje alle rapporteringar staten ber om som er like relevante, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen.

Han legg til at det nok kan vere gode grunner til ein del av rapporteringa, men ofte ser ikkje kommunane relevansens av det dei blir pålagde å rapportere.

Haglar med e-postar om ekstra rapportering

I rapporten blir det blant anna peika på at kommunane må ha stadfestingar frå revisor på summar ned mot 10 000 kroner. Dei fleste kommunar vil nok meiner dei har gode nok rutinar til å handtere slike summar utan å hente inn revisor.

– Kommunane stiller spørsmål ved noko av denne rapporteringsaktiviteten, seier Eriksen.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

FORSTÅR IKKJE: - Det er nok gode grunnar til mykje av rapporteringa, men ofte forstår vi ikkje kvifor staten ønskjer denne rapporteringa, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane Tore Eriksen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein av dei som kjenner presset frå statens sitt umettelege sug etter stadig nye rapportar er Ole John Østenstad som er rådmann i Førde.

Kommunen hans er ein av fire som har vore med i granskinga som Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking har gjort om kommunane si rapportering til staten. I mappe på datamaskina si har han samla meir ein enn 50 e-postar om spørsmål om ekstra rapportering.

– Eg får iallfall éin i veka. Og eg har ikkje alle ein gong, seier Østenstad.

Meiner det har sklidd ut

Han trudde det meste skulle ordne seg då dei byr med ei årleg rapportering gjennom KOSTRA, eit felles system for kommune – stat rapportering.

– Men så har det teke til å skli ut. Det vert meir og meir, og vi kjenner på at detaljstyringa frå staten også vert hardare og hardare, for det er kanskje det dei brukar rapporteringa til, seier Østenstad.

I Kommunaldepartementet er statssekretær Paul Chaffey frå Høgre samd i at det nok går føre seg ein del overrapportering i dag.

– Eg vil seie det slik at dette er det veldig positivt å få meir kunnskap om. Vi i regjeringa jobbar med ein del viktige ting der denne kunnskapen kan brukast, seier Chaffey.

Meiner regjeringa jaktar tidstjuvar

Chaffey peikar på at regjeringa ser på korleis ein kan styrke kommunane med tanke på fleire oppgåver.

– Slik at dei kan ta eit større ansvar enn i dag for å løyse oppgåver sjølve. Og så jobbar vi også med å jakte tidstjuvar og fjerne unødvendig rapportering og byråkrati, samt prosedyrar som tek for lang tid. Så eg trur denne kunnskapen vil vere veldig nyttig med tanke på begge dei prosessane, seier Chaffey.

– Fleire av kommunane meiner det er eit problem at dei blir bedne om å rapportere ting som staten sjølv lett kunne funne i offentleg tilgjengelege register.

– Det er heilt unødvendig når slikt skjer. Difor er det viktig å få fram denne informasjonen. Så vil vi finne ut at det er einskilde område der det er unødvendig tidsbruk, medan det på andre område er slik at det må vere ein diskusjon om kor mykje informasjon og kva informasjon som trengst, seier Chaffey.