Hopp til innhold

Reagerer på rådmann si dobbeltrolle

Rådmannen i Gloppen er fast spaltist i lokalavisa Firda Tidend. Det er problematisk, meiner Venstre-politikar Ragnar Eimhjellen.

Firda Tidend og Jan Kåre Fure

SPALTIST OG RÅDMANN: Jan Kåre Fure er fast spaltist i Firda Tidend samstundes som han er rådmann i Gloppen kommune. Nokre meiner det er uryddig.

Foto: Marie Stafsnes Osland/Privat / NRK

Sidan 1995 har Jan Kåre Fure vore fast spaltist i Firda Tidend. Kvar fredag har han servert lesarane lokalhistoriske tilbakeblikk.

Men etter at Fure i mai vart rådmann i Gloppen, meiner enkelte at skribentrolla har blitt eit problem.

– Kan hindre kritiske blikk

Ei slik dobbeltrolle kan så tvil om både rådmannen sin ugildskap og lokalavisa si uavhengige stilling, meiner Venstre-politikar Ragnar Eimhjellen.

– Det er litt uryddig etter mitt syn. Eg meiner det ikkje går i lag med det å vere fri og ugild, og det kan også oppfattast som at det kan leggje bindingar på pressa si frie stilling, i den forstand at det kan bli oppfatta som at Firda Tidend har avgrensingar på det å ha eit fritt kritisk blikk på administrasjonen, seier han.

I formannskapet føreslo Venstre-politikaren at rådmannen skulle slutte som skribent i avisa, men han fekk ikkje medhald hos dei andre politikarane.

– Eg stilte spørsmål ved om ein ikkje var i stand til å tenkje prinsipielt, men eg må berre ta til etterretning at ein ville ikkje sjå det. Ein rådmann skal ikkje vere bunden av økonomiske eller andre interesser utanfor det som er kommunen sitt ansvarsområde, seier Eimhjellen.

Sluttar om det er eit problem

Rådmann Jan Kåre Fure seier det viktigaste for han er at formannskapet har gjeve grønt lys for at han kan halde fram som spaltist.

– Dette er jo ei historisk spalte, der dei tek klipp frå 10, 25 og 50 år sidan. Det har ikkje noko å gjere med utføringa av det arbeidet eg gjer i dag, seier han.

Men han er open for å endre standpunkt, dersom det skulle bli stilt spørsmål ved ugildskapen i framtida.

– Om dette dukkar opp som eit problem, at nokre stiller spørsmål ved det, så sluttar eg med det, det er ikkje noko meir hokuspokus enn det, seier Fure.

Har ikkje fått reaksjonar

Bjørn Grov

TRUVERDA VIKTIGAST: Redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov, er villig til å finne andre til å drive spalta om det kjem reaksjonar.

Foto: NRK

Redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov, seier tiltrua til lesarane er det viktigaste for dei.

– Om dette slår uheldig ut for nokon av partane er eg heilt open for at vi skal avvikle dette, men eg har ikkje fått nokon reaksjonar på det til no.

Generalsekretær i Norsk Presseforbund Kjersti Løken Stavrum, meiner det er ein fordel at offentleg tilsette deltek på den offentlege arenaen. Men seier avisa må vere tydelege på rollene, slik at truverdet overfor lesarane ikkje blir svekka.

– Det er jo alltid eit stort spørsmål for alle redaksjonar, om dei held ved like truverda, og dokumenterer at dei leverer kritisk journalistikk. Eg kan ikkje sjå at denne saka er eit problem i utgangspunktet, men det er eit godt høve til å profesjonalisere redaksjonen og snakke om kjeldekritikk.

Eimhjellen meiner derimot at innhaldet i spalta er irrelevant.

– Innhaldet i jobben er ikkje sjølve poenget, men det at han står på løningslista til Firda Tidend. Det kan bli oppfatta som at det er eit bindingsforhold. Det er ikkje ein hobby når du står på løningslista, seier han.