NRK Meny
Normal

Fryktar manglande lys fører til trafikkfarlege situasjonar

Bussjåfør Are Håkon Aarset er grundig lei av bilistar som manglar både eitt og to lys. Han fryktar for trafikktryggleiken.

Bil med berre ei frontlykt som verkar og bussjåfør Are Håkon Aarset
Foto: Montasje: Newswire/privat

– Eg reagerer på den manglande lysbruken på bilane. Eg har sett at det manglar hovudlys både på fjern- og nærlys på mange bilar, seier Aarset.

Måndag køyrde han mellom Davik og Florø, og tenkte at han skulle telje for seg sjølv, for å sjå kor mange han såg. Men det glapp. For han kom rett og slett ut av teljinga.

– Eg møtte utruleg mange bilar som mangla lys, spesielt frontlys. Eg talde, men eg slutta til slutt, for det vart så mange. Ein sit jo med hjarta i halsen på dei smale og kronglete vegane som vi opererer på, seier Aarset.

Nærlysa er problemet

– Dei fleste blendar ned når dei møter nokon, men så er det brått ikkje lys i det heile. Og når det kjem fleire bilar på rekkje, så passerer ein kanskje eit par bilar, og så ser ein berre eitt lys der borte, og trur at det er ein moped som kjem i møte. Men så syner det seg at det er ein bil, seier Aarset.

Han får støtte frå Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Audun Heggestad

SLURVAR MED LYSA: Audun Heggestad, fylekssekretær i Trygg Trafikk

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Ja, eg observerer ein del som manglar den eine pæra og gjerne parkeringslysa også på same sida i tillegg. Då ser ein jo ikkje kor brei bilen er, eller om det er ein motorsykkel som kjem i mot. Det er veldig urovekkjande.

Viktig å sjekke lysa i haustmørkret

– No om hausten bør ein sjekke lysa minst ein gong for dagen. Gjerne når ein køyrer ut og når ein skal parkere bilen. Ei pære kan ryke når som helst, og då er det viktig å få bytta den med ein gong, seier Heggestad..

Heggestad har inntrykk av at svært mange rett og slett gløymer å sjekke lysa sine sjølv om hausten og haustmørkret for lengst har meldt seg. For dei som køyrer buss og lastebil på heller små vegar ute i distriktet, gjer dette køyringa ekstra krevjande.

– Vi køyrer jo store bilar, og vi treng den plassen vi har, seier Aarset.

Han har fleire gonger gitt beskjed til sjåførar som han har møtt utan lys fleire gonger. Ikkje alle likar det like godt.

– Nokon tek det til seg, men andre har sagt i klartekst at dette har eg ikkje noko med, seier Årseth.

Etterlyser fleire kontrollar

I Trygg Trafikk meiner Heggestad at politiet burde vore meir aktive når det gjeld å kontrollere lysbruken

– Hovudlysa må ein ha i orden. Dei er viktige med tanke på å unngå ulukker og ikkje minst for å oppdage fotgjengarar som går langs vegen. Dei som har kontrollmynde bør sjekke lysbruken og reagere med forenkla førelegg når dei finn manglar.

– Det er spesielt på smale vegar og no når det mørknar meir og meir. Eg sit av og til med hjarta i halsen. Kva møter eg bak neste sving, seierAarset.

Han peikar på at bilane skal vere i forskriftsmessig stand i forhold til Vegtrafikklova.

– Når folk til stadigheit berre drit i det, så er det noko som manglar, seier Aarset.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå