Hopp til innhold

Reagerer på livsmeistrings-kutt

– Regjeringa trassar Stortinget sitt vedtak når ein seier nei til å gi Livsmeistringssenteret på Skei dei naudsynte 18 millionane som trengst til å få i gang full drift.

Laila Dåvøy

RETTAR HARD KRITIKK: Laila Dåvøy (KrF) reagerer sterkt på at Livsmeistringssenteret i Jølster ikkje får midlane Stortinget har løyvd.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Det seier Laila Dåvøy i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Sju tilsette mistar jobben

KrF-representanten reagerer sterkt på at det nye senteret for psykisk helse, meistring og livskvalitet no må innstille drifta. Onsdag vart det kjent at sju tilsette mistar jobben frå 30. juni som følgje av at senteret ikkje har midlar til drift.

– Eg reagerer veldig på dette. Vi jobba veldig intensivt med denne saka inn mot statsbudsjettet for 2010 og heile komiteen slutta seg til at ein ønskte at dette senteret skulle få realisert planane dei hadde søkt om midlar til. Så dette er heilt på sida av det som komiteen har vedtatt.

18 millionar vart 2,5

Livsmeistringssenteret har dei siste tre åra fått 2,5 millionar årleg i startløyving over statsbudsjettet. I årets statsbudsjett låg det inne 18 millionar kroner som skulle få senteret skikkeleg på fote. Men i regjeringa sitt reviderte budsjett er summen redusert til 2,5 millionar kroner, og drifta blir dermed innstilt.

Krev svar frå helseministeren

Dåvøy vil no ta saka opp med helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap).

– Eg kjem til å følgje dette opp gjennom eit skriftleg spørsmål til statsråden. Eg kan ikkje forstå at det er mogleg å avspise senteret med 2,5 millionar kroner med den sterke merknaden som ligg føre frå ein einstemmig komité på Stortinget.

Artikkelen held fram.

Det tidlegare HV10-anlegget på skei som skal bli livsmeistringssenter.

SENTERET: Her på den gamle HV10-basen på Skei skal det nye helsetilbodet byggjast opp.

Foto: NRK

Dåvøy meiner Livsmeistringssenteret, som skal drivast i regi av Stiftelsen Bergen diakonissehjem, er heilt i tråd med regjeringa sin politikk.

– Viktig tilbod

– Det er eit veldig viktig tilbod. Komiteen skreiv i sin merknad at dette er eit viktig prosjekt også i høve til den nye samhandlingsreform. Det er heilt i tråd med det ein tenkjer her, meiner KrF-representanten.

Ho meiner det er oppsiktsvekkjande at regjeringa går på tvers av Stortinget sine ønskjer.

– Stortinget gav utviklingsmidlar med tanke på ein oppstart i 2010. Det er Stortinget som har løyvd desse midlane, dei har aldri komt etter forslag frå regjeringa. Heile Stortinget har slutta seg til senteret dei siste tre-fire åra. Det er eit sterkt signal. Då er det veldig urovekkjande at vi har ei regjering som ikkje følgjer opp det regjeringa ønskjer, seier Laila Dåvøy.