NRK Meny
Normal

Fryktar oljenæringa kan få eit hardt slag under beltet

– Det er heilt uakseptabelt om dette skjer, og me vil gjera det me kan for å stoppa denne prosessen.

Jenny Følling og Saga Fjordbase
Foto: Harald M. Valderhaug / Arne Stubhaug / NRK

Jenny Følling, andre stortingskandidat for Senterpartiet og fylkesvaraordførar, er ikkje nådig i kritikken mot Statoil sine planar om å omorganisera oljebasen i Florø.

– Det er ikkje akseptabelt for verken Flora kommune eller fylket vårt.

Vil ha røyrspesialisering

Statoil har siste året arbeidd med å effektivisere seglingsmønsteret mellom installasjonane på sokkelen og statoilbasane på Ågotnes, Mongstad, Dusavik og Florø.

Intensjonen er at Florø skal drive med røyr, Mongstad skal ha driftsforsyning og Ågotnes subseaaktiviteten, skriv Firdaposten.

– Statoil har vore opne og er interessert i dialog, og det er den jobben me no skal gå inn i. Me har til intensjon å jobbe saman med Statoil i dette arbeidet, og den prosessen er me nettopp starta med, seier administrerande direktør i Saga Fjordbase, Agnar Strømsnes, til avisa.

Følling fryktar at ei slik spesialisering vil råka oljenæringa i heile fylket med eit slag langt under beltet.

– Skal ta det opp med OED

– Me har jobba hardt for at me skal få ringverknader for den oljeaktiviteten som går føre seg rett utanfor stovedøra vår. Eg har allereie snakka med våre stortingsrepresentantar om dette, og eg skal ta saka opp med Olje- og energidepartementet, seier ho.

Fjord Base
Foto: Frank Tangen/Floranett.no

– Det vil vera alvorleg for oljebransjen i heile Sogn og Fjordane, og me kan ikkje fire éin tomme på krava i ei slik sak. Det er alvorleg for den satsinga fylket vårt har gjort på oljeeventyret.

Om planane går gjennom, kan heile 250 av dei 500 som jobbar der, mista jobben.

Kontrakten mellom oljebasen og Statoil går ut i 2015. Statoil opna i 2010 eitt av dei største logistikksentra for røyr i Europa. Til saman 900.000 tonn utstyr går årleg inn og ut av basen. Aktiviteten til Statoil genererte i 2010 kring 400 arbeidsplassar.

– Vil råka oljenæringa i fylket

– Statoil kan ikkje bryta konsesjonsvilkåra sine, og me på passa på at dei følgjer krava. Det er blant anna sagt konkret for Gjøa-feltet kor dei skal hente tenestene på land, og der har basen i Florø ein sentral rolle. Me må sjå til at vårt fylke får dei ringverknadene me skal ha, seier Følling.

Stortingskandidaten vil ta saka opp politisk, og lovar at ho vil gjera kva ho kan for at det ikkje blir slik Statoil ønskjer.

Statoil vil behalda arbeidsplassane

Ola Anders Skauby, Statoil

INFOSJEF: Ola Anders Skauby i Statoil.

Foto: Ivar Langvik / Statoil

– Seglingsmønsteret baserer seg i stor grad på ei tid då det var tre selskap som opererte der ute, no er det berre eitt. Då er det naturleg at me ser på om det finst ein betre og meir naturleg måte å transportere materiell ut til installasjonane, seier Ola Anders Skauby, informasjonsansvarleg i Statoil til NRK..

Men Statoil seier at dei vil jobba for at arbeidsplassane skal bli verande i Florø, sjølv om det blir ei spesialisering.

– Dersom det skulle bli endringar i aktiviteten som følgje av dette arbeidet, so vil me prøva å finna alternativ aktivitet slik at sysselsetjinga kan haldast oppe, det er eit viktig prinsipp for oss.

Saga Fjordbase og Statoil er no i dialog om korleis ein skal finna ei best mogleg løysing.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy