Hopp til innhold

Reagerer på aldersdiskriminerande annonsar

Er du blitt over 50 år kan du ha blitt for gammal til å få jobbe i klesbutikk. Stillingsannonsar der ein set ønske om alder er dessverre blitt eit aukande problem, seier Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Annonse

DISKRIMINERING: Annonsar med aldersdiskriminerande tekst vert stadig meir vanleg.

Foto: Faksimile / NRK

I ei stillingsannonse for ein klesbutikk på Nordfjordeid ber ei kjede om at søkjarane er mellom 25 og 50 år. Men slike ynskje er i strid med lova.

I ein heilt annan butikk, hos Vic i Førde, jobbar butikksjef Gerd Høydal Takle. Ho er over 60 år og likar dårleg at folk over 50 blir rekna for å vere for gamle.

– Du er ikkje noko gammalt menneske når du er 50 år. Du har gjerne dei beste arbeidsåra dine frå du er 50 år, seier Høydal Takle

Ulovlege annonsar

Klesplagga vert bretta av rutinerte hender på klesbutikken Vic i Førde. Men det er inga sjølvfølgje at ei kvinne i 60-åra sel klede til deg.

For ulovlege stillingsannonsar der det blir sett krav om alder er blitt meir vanleg, seier diskrimineringsombodet. Det likar Høydal Takle dårleg.

– Det blir feil. Ein må kunne jobben sin, anten ein er 40 eller 60, seier Høydal Takle.

Gerd Høydal Takle

IKKJE FOR GAMMAL: Gerd Høydal Takle er over 60 år, men kjenner seg ikkje for gamal til å jobbe i butikk.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Men enkelte vil likevel helst ha unge folk til å jobbe for seg.

I ei annonse etterlyser kleskjeda Zavanna etter deltidsarbeidar i butikken på Nordfjordeid. Ønska alder på søkarane er mellom 25 og 50 år.

– Det er fordi vi ser på samansetninga av alderen vi har på dei tilsette. Vi vil ha ein god miks for å treffe målgruppa vår, som er frå 30 år og oppover, seier regionleiar i Zavanna, Tonje Høyem.

Men slike annonsar er ulovlege fastslår seniorrådgjevar i Likestillings- og diskrimineringsombodet Edona Maksutaj.

– Som eit klart utgangspunkt er dette diskriminering og i strid med arbeidsmiljølova. Ein kandidat over 50 år kan vere minst like godt kvalifisert til stillinga, som ein som er yngre, seier Maksutaj.

Alderskrav vanleg

Ombodet ser ei utvikling der ulovlege alderskrav blir stadig meir vanleg.

– Ja, diverre. Vi har mange eksempel på saker der det vert stilt krav til alder, anten eksplisitt, eller det kjem fram meir indirekte av stillingsannonsen, med kreativ utforming av typen: «ingen medviten minne frå 70-talet», seier Maksutaj.

Konfrontert med kritikken legg Høyem seg langflat og beklagar. No lovar ho at alder ikkje skal vere ei hindring.

– I ettertid ser vi at dette burde vi ikkje ha gjort. Det beklagar vi. Vi vil i seinare utlysingar ikkje bruke den teksten. No vil eg samstundes peike på at vi i firmaet har tilsette 16 til 70 år, seier Høyem. Ho understrekar at det er ho som regionleiar og ikkje butikkleiinga på Nordfjordeid som laga annonsen.

Tilbake i butikken sin syner Gerd Høydal Takle fram varene. Butikksjefen meiner det ikkje er problem å vere over 60.

– Eg har aldri følt at kundane har meint det var eit minus at eg var over 50 år, seier Høydal Takle.