Hopp til innhold

Reagerer mot skuldingar om fusk og fanteri

Leiar for organisasjonsutvalet i Frp, Helge Andre Njåstad reagerer kraftig på at tidlegare stortingsrepresentant for partiet, Åge Starheim, skuldar Frank Willy Djuvik for økonomisk fusk og fanteri.

Ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad

KRITISK: Leiar av organisasjonsutvalet i Frp, Helge Andre Njåstad, reagerer på ordbruken til tidlegare Stortingsrepresentant og æresmedlem, Åge Starheim, som har meldt seg ut av partiet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Starheim som var æresmedlem i partiet, melde seg ut etter at ein revisorrapport kom med kritikk mot tidlegare styre med styreleiar Djuvik i spissen.

Njåstad som handterer slike saker for partiet sentralt, er på si side kritisk til Starheim.

– Det er aldri kjekt når nokon melder seg ut av partiet, men eg reagerer kraftig på at han brukar ord som snusk og fanteri om økonomistyringa.

Brennbart tema

Økonomien i Sogn og Fjordane Frp vart eit brennbart tema i forkant av fylkesårsmøtet 1. mars. Først vart årsmøtet flytta frå januar av di partiet skifta revisorselskap, og dei måtte få tid til å setje seg inn i rekneskapen. Og når rapporten kom vart det påpeika fleire forhold ved bokføringa som ikkje var i samsvar med partiet sine retningsliner og vedtekter.

–Det som har skjedde er at Sogn og Fjordane Frp har brote partiet sine reglar når det gjeld økonomistyring, men det har ikkje vore brot på norsk lov, eller gjort ulovlegheiter.

Åge Starheim

SNUSK OG FANTERI: Tidlegare stortingsrepresentant og æresmedlem Frp, Åge Starheim, kjem med harde skuldingar mot tidlegare partikollegaer.

Foto: NRK

Men då tidlegare stortingsrepresentant og æresmedlem Frp, Åge Starheim melde seg ut av partiet i protest mot leiinga av fylkespartiet brukte han nettopp orda snusk og fanteri,

– Eg må opptre slik eg synest er riktig. For meg er dette snusk og fanteri, og eg vil ikkje vere medlem av eit parti som er basert på snusk og fanteri som har pågått i fleire år, seier Starheim.

– Vi er nøgde med at Sogn og Fjordane Frp har rydda opp i dette. Å seie at det er snusk og fanteri er å gå for langt seier Njåstad.

Ikkje Oslo som avgjer

Med bakgrunn i revisorrapporten skreiv Starheim den 16. mars brev til partisekretær Finn Egil Holm der han ber partiet sentralt ta affære og fjerne Djuvik frå førsteplassen på fylkestingslista.

– Eg tillet meg å be om at partiet sentralt gjer det som er nødvendig for at vi kan møte veljarane med ei liste med kandidatar det ikkje kan stillast etiske spørsmålsteikn med.

Åge Starheim

Holm svara ikkje på brevet, og vi blir igjen viste til Njåstad.

– Det er ikkje slik at det er partiet sentralt som bestemmer kven som skal vere tillitsvalde og ha ulike posisjonar i Sogn og Fjordane Frp. I eit demokratisk parti så er det medlemmene i Sogn og Fjordane Frp som sjølv bestemmer det. Det gjeld og den som skal ha førsteplassen på lista, det blir altså ikkje bestemt i Oslo.