Hopp til innhold

Raudt størst i Sogndal

Partiet Raudt gjorde i dag eit nytt godt skuleval.

Sogndal Vidaregåande Skule
Foto: NRK

Som under skulevalet ved Mo og Jølster vgs , fekk Raudt størst oppslutnad under valet ved Sogndal vidaregåande skule.

Raudt fekk 27,6 prosent av dei 619 røystene. 43 elevar stemde blankt.

Dei raudgrøne regjeringspartia fekk tilsaman nær halvparten av stemmene. Senterpartiet fekk 20,4 prosent, Arbeidarpartiet fekk 17,9 prosent, medan SV fekk 11,6 prosent.

Resten av partia: Frp 8,4 prosent, Høgre 2,9 prosent, KrF 2,6 prosent, Venstre 1 prosent, Miljøpartiet de grønne 0,3 prosent og Kystpartiet 0,2 prosent.