Hopp til innhold

I denne kommunen samarbeidar Raudt og Frp

I Vågsøy kommune har fem parti inngått ein noko spesiell samarbeidsavtale, som samlar ytste venstre og ytste høgre.

Vågsøy

GOD PERSONKJEMI: I Vågsøy kommune gjer god personkjemi mellom leiarane i dei fem partia den nye avtalen mogleg, seier Kristin Maurstad (Ap)

Foto: Ottar Starheim / NRK/Fylkesleksikon

Vallogo

Den nye ordføraren, Kristin Maurstad frå Arbeidarpartiet, sende i kveld ut ei pressemelding:

Det har blitt einigheit om plattform for politisk samarbeid mellom følgjande partar for perioden 2015 – 2019, Vågsøy kommune: Ap – Sp – Frp – Tverrpolitisk liste Vågsøy (TLV)– R.

Dermed vart det med fire år i ordførarstolen for Morten Hagen og Høgre.

Så er spørsmålet om det er noko spesielt med eit formalisert og signert samarbeid mellom yttarste høgre og yttarste venstre?

– Ja, hehe, svarar Hogne Bleie, leiar i Vågsøy Frp og politisk nestleiar i fylkespartiet.

– Ikkje noko hokuspokus

Hogne Bleie

FRP: Hogne Bleie.

Foto: Privat

Men etter ein rask tenkepause, kjem eit anna svar frå mannen frå partiet som er svært marknadsliberalt på mange område.

– Det er eigentleg ikkje noko hokuspokus. Vi er einige om nokre konkrete saker, og vi er einige om at vi vil ha eit skifte, seier Bleie.

Det blir stadfesta av mannen på motsett side, frå partiet som ikkje er spesielt glad i marknadskreftene, men langt meir glad i statleg styring.

– Vi står saman om ein del saker, spesielt at skulestrukturen for barneskular berre må stå slik han er. Av ulike årsaker har vi kome fram til lik konklusjon i ein del saker, seier Geir Ole Oldeide, Raudt sin einaste representant i det nye kommunestyret.

– God personkjemi

Kristin Maurstad

NY ORDFØRAR: Kristin Maurstad (Ap)

Foto: Silje Guddal / NRK

Den nye ordføraren, Kristin Maurstad (Ap), seier partia er samde om åtte konkrete punkt i ei politisk plattform.

– Vi har ingen problem med å ha med både Frp og Raudt. I lokalpolitikken er det ofte ei anna historie enn i rikspolitikken.

– Har du unike og spesielle evner til samarbeid som har greidd å samle desse fem partia?

– Når du nemner det, så...Hehe, nei da. Dette handlar nok om saker og personkjemien, som er god. Men dei hadde ikkje gått til oss om dei såg på oss som vanskelege å samarbeide med, seier Maurstad, som får med seg Nils Myklebust frå Senterpartiet som varaordførar.

«Skulekameratane»

Det er faktisk ikkje første gang Raudt og Frp samarbeider. Raudt var ute av kommunestyret førre periode, men mellom 2007 og 2011 var partia med i «skulekameratane», som kjempa for å oppretthalde skulestrukturen.

Ein ny ting denne gongen er at det er langt fleire saker i samarbeidet, mellom anna å ikkje legge ned barneskular, ikkje heve eigedomsskatten og folkeavstemming om kommunesamanslåing.

Ein annan ny ting er at Ap er med. For alle dei fire andre partia i det nye samarbeidet, var med i «skulekameratane».