Hopp til innhold

Raudt med brakval på Jølster

Partiet Raudt leverte eit brakval på Jølster vidaregåande skule.

Av ialt 155 stemmer, gjekk heile 40 prosent til partiet Raudt.

Nær halvparten av stemmene gjekk til dei raudgrøne regjeringspartia, med Senterpartiet som størst.

Medan Sp sanka 22,6 prosent, fekk Arbeidarpartiet 16,8 prosent og Sosialistisk Venstreparti 9,7 prosent.

1,3 prosent røyste blankt. Resten av stemmene fordelte seg slik:

  • Kystpartiet: 3,2 prosent
  • Frp: 3,2 prosent
  • Høgre: 1,3 prosent
  • Venstre: 0,6 prosent
  • KrF: 0,6 posent
  • Grøne: 0,6 prosent.