Hopp til innhold

Raudt fleirtal i Sogn og Fjordane KrF

JØLSTER/SKEI (NRK): Det raude fylket Sogn og Fjordane gjekk som venta inn for å støtte Knut Arild Hareide i hans ønske om å samarbeide mot venstre. Likevel fekk høgresida overraskande mykje støtte.

Årsmøte i Sogn og Fjordane KrF

RAUDE: Trude Brosvik og Geir Jørgen Bekkevold er tilhengjarar av å gå i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sogn og Fjordane KrF har vedteke å sende fire raude og tre blå delegatar til landsmøtet.

– Eg er litt skuffa, for eg hadde håpa at resultatet skulle bli fem raude og to blå, seier stortingsrepresentant frå Telemark Geir Jørgen Bekkevold.

KrF skal 2. november bestemme om dei skal forhandle med Erna Solberg om å gå inn i dagens regjering, eller om dei skal forhandle med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om å felle Solberg og skipe ei ny regjering.

– På tide å snakke med Ap

Valet kan altså få store konsekvensar, og det er dei ulike fylkespartia som skal velje utsendingar som skal ta valet. Sogn og Fjordane valde laurdag sju av dei 190 delegatane som 2. november skal ta retningsvalet for KrF.

– Vi har aldri forhandla med Arbeidarpartiet tidlegare, no er det på tide at vi prøver det, sa leiar i Førde KrF, Kjell Skaaheim, i sitt innlegg under debatten om retningsval.

Frå før var det kjent at Sogn og Fjordane skil seg ut på Vestlandet som det einaste klårt raude KrF-fylket. Innstillinga til fylkesstyret var at fem av dei sju delegatane til fylket skulle vere Arbeidarparti-venlege, medan to skulle vere Høgre-venlege.

Resultatet vart altså ein liten siger for dei blå.

Av dei 88 utsendingane på årsmøtet røysta 51 for å gå til venstre, 30 for å gå mot høgre og sju for å halde fram i opposisjon.

Lenge såg det ut til at det skulle ende med eit «gult», men på tampen gjorde årsmøtet om på det, fordi det vart argumentert for at sju røyster ikkje var nok for å fortene eit eige mandat.

Røysteteljing på KrF sitt årsmøte

JAMT: 31 røysta for å gå inn i dagens regjering, 51 røysta for Arbeidarpartiet, og sju røysta for å halde fram i opposisjon.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– For mange liv har gått tapt

Årsmøtet starta med at tre gjester frå andre fylke argumenterte for kvart av dei tre alternativa som låg på bordet.

– I løpet av dei 40 åra som har gått sidan abortloven vart innført har altfor mange liv gått tap, sa stortingsvara Marie Ljones Brekke frå Rogaland då ho argumenterte for den «blå» retninga i si innleiing til årsmøtet.

Ho refererte til Erna Solberg sitt utspel om at høgre kan vurdere å sjå på abortlova, og sa at det var eit positivt utspel.

– Statsministeren rekkjer ut ei hand til oss som er oppteken av dette, vi har ein modig statsminister, sa Ljones Brekke.

Ho er sjølv lærar, og trakk fram «K»-en i KRLE som ein viktig siger for KrF i deira samarbeid med dei borgarlege.

Geir Jørgen Bekkevold og Trude Brosvik på KrF sitt årsmøte på Skei

RAUDE: Geir Jørgen Bekkevold og Trude Brosvik vil helst at KrF forhandlar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om å gå i regjering.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Eit splitta parti

Stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold hadde fått i oppgåve å argumentere for Knut Arild Hareide si linje om å samarbeide med Arbeidar

– Vi kan ikkje drøyme oss vekk, vi må forholde oss til røynda. Ei regjering med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og KrF er det næraste vi kjem ei sentrumsregjering Noreg i dag, sa Bekkevold i sin tale.