Hopp til innhold

Raudgrøne trassar regjeringa si

Fråflyttingsfylket vil ha storstilt utbygging i strandsona.

Børholmen i Gulen
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Raudgrøne politikarar i Sogn og Fjordane tek opp kampen mot regjeringa sin strandsonepolitikk. For fylket slit med fråflytting og vil tillate storstillt utbyggjing i strandsona for å gjere det meir attraktivt å busetje seg langs kysten.

100-metersone

Det er strenge reglar for å byggje i det såkalla 100-meterbeltet frå havet, men ein fylkeskommunal tenketank i Sogn og Fjordane foreslår å opne opp for heilårsbustader med store tomter i dette 100-meterbeltet.

- Dette er ein interessant ide, seier fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp).

Trassar Regjeringa

Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal kunne bruke strandsona og vil difor avgrense byggjing av bustadar der. Fylkesvaraordførar Tor Bremer (Ap) er klar til å ta opp kampen med si eiga regjering:

- Eg ser at dette kan bli oppfatta å vere i konflikt med dagens lovverk, men å opne opp for heilårsbustader i strandsona vil vereeit viktig tiltak for å auka busetjinga i eit fråflyttingsfylke som vårt, seier Bremer.

Solheim vil stramme inn

SV-statsråd Erik Solheim likar dårleg dei politiske signala frå regjeringspartia sine fylkeslag i Sogn og Fjordane:

- Regjeringa sitt forslag om nye strandsonereglar gir eit tydeleg signal til kommunane om å ein strengare praksis for å byggje nær sjøen. Regjeringa ønskjer å stramme inn reglane om byggjeforbod i 100-metersbeltet, seier miljøvernminister Solheim.