Hopp til innhold

Raude lys overalt – til frustrasjon og glede

Omfattande vegarbeid over heile Sogn og Fjordane råkar busselskap, bilistar og transportbransjen. Likevel har folk stort sett tolmod, er erfaringa til dei tilsette ved Vegtrafikksentralen.

Frudalstunnelen vegarbeid

UNDER OPPRUSTING: Frudalstunnelen på riksveg 5 er eitt av mange punkt på vegane i fylket der bilistar risikerer ventetid på grunn av arbeid.

Foto: Rune Fossum / NRK

Berre på E39 er det vegarbeid på fire stader, og i tillegg til utbetringar på vegnettet, er også fleire tunnelar under opprusting.

Til dømes starta nyleg arbeidet i Bergstunnelen og Frudalstunnelen mellom Jølster og Sogndal, og i første del av november startar også arbeidet med å utbetre Høyangertunnelen på fylkesveg 55.

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal merkar dei arbeidet godt ved at det blir fleire telefonar enn elles, men Jan Erikstad seier det stort sett går greitt.

– Når arbeida er heilt nye kan det bli ein del telefonar. For folk som ikkje er lokalkjende og ikkje kjenner til arbeidet kan det bli litt frustrasjon. Det gjeld spesielt E39 der det er ferje i eine enden og ein slit med å nå avtalar på andre sida, seier han.

Rår folk til å rekne god tid

Sjølv om det av og til blir krasse beskjedar til Erikstad og dei andre ved Vegtrafikksentralen, tek han det ikkje personleg.

– Vi kan ikkje gjere så mykje anna enn å forklare situasjonen. Dei fleste har forståing for at det ikkje er noko vi kan gjere noko med. Ein høyrer nok vel så mykje at folk ser fram til at vegen skal bli betre, sjølv om dei er litt oppgitte. Det gjeld både nye vegarbeid og oppgradering av tunnelar, seier han.

Erikstad fortel at problema stort sett oppstår fordi folk reknar for lite tid på turen.

– Når det er stengingar så må ein vere ute i litt god tid. Det er ikkje sikkert at det blir akkurat ein halvtimes stenging. Det kan skje uføresette ting.

Bussane mistar ofte ferja

Men ikkje alle har moglegheit til å legge reisetida slik det passar seg. Busselskapa merkar godt at det er vegarbeid på gang, utan at dei kan gjere så mykje med det.

– I lange periodar med faste stengetider har vi gjerne lagt om rutene, men slik det er no kan vi ikkje gjere så mykje anna enn å prøve så godt vi kan å finne gode løysingar, seier trafikksjef i Firda Billag, Tore Masdal.

Det er Firda Billag sine sjåførar som køyrer mellom Førde og Bergen på E39, og det er der dei merkar det mest. Det skjer ofte at bussen ikkje rekk ferja, som igjen fører til utfordringar med å rekke korresponderande bussar. Stenginga får også konsekvensar for transportbransjen, samt skuleelevar som pendlar denne vegen.

– Alle vil jo sjølvsagt ha betre vegar, og det kjem ikkje av seg sjølv, men arbeidet er likevel frustrerande for både bussjåførane og passasjerane, seier Masdal.

Høyangertunnelen

UTBETRING: Høyangertunnelen på fv 55 skal frå første del av november gjennom fleire utbetringar. No er fleire takplater vekke som gjer at vassikringa ikkje fungerer, og sikringsnettet må også bli betre. I tillegg skal tunnelen etter kvart få DAB og naudnett.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune