NRK Meny
Normal

Publikumsfavoritten vil bryte sin tredje låneavtale på halvanna år

Den tidlegare publikumsfavoritten på Fosshaugane finn ikkje roa nokon stad. No vil Malick Mane bryte sitt tredje låneopphald sidan Sogndal.

Mane

VIL BRYTE: Malick Mane, her frå tida i Sogndal, vil bryte låneavtalen med saudiarabiske Najran, men IFK Göteborg vil ikkje ha han tilbake til Sverige.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Sogndal selde senegalesaren til IFK Göteborg i mars 2014. Her vart oppgjeret borte mot Halmstad 13. juli hans førebels siste kamp for dei blåkvite.

Sidan har han avbrote eit låneopphald i australske Central Coast Mariners. På lån i Hønefoss vende han nasen til Saudi-Arabia då toppklubben Najran ville låne han. No stadfestar sportssjefen i IFK, Mats Gren, at 27-åringen vil bryte avtalen også her.

– Eg vil ikkje bryte avtalen, det har eg sagt, Om han kan finne noko anna så får han gjere det, men han kjem ikkje tilbake hit så lenge vi har den avtalen, seier sportssjef Mats Gren i IFK til svenske Fotbollskanalen.

– Dei betalar heile løna, i tillegg til ein bonussum, for å låne han, legg Gren til og seier det ikkje er aktuelt for IFK å bryte låneavtalen som går fram til 15. juli.

27-åringen vart ein publikumsfavoritt på Fosshaugane gjennom dei to sesongane han var i Sogndal. Spesielt etter 2013 der han scora 12 mål på 29 seriekampar. I løpet av sesongen fekk også større klubbar i utlandet auga opp for midtbanejuvelen.

Ifølgje svenske Fotbolltransfers.com går Mane no ei usikker framtid i møte. For sjølv Mane er under kontrakt i ytterlegare to år, vil ikkje svenskane ha han tilbake.

– Akkurat no veit eg ikkje kva som skjer. Men eg skulle helst ville selje han, seier sportssjef Gren til Fotbollskanalen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser