Hopp til innhold

Rassikring føre mjuke trafikantar

Regjeringa brukar meir pengar på rassikring enn på gang og sykkelvegar - trass i at langt fleire mjuke trafikantar mistar livet i trafikken.

Farleg skuleveg på Haugen i Nordfjord

Bygdefolket i Haugen langs den farlege skulevegen

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I bygda Haugen i Nordfjord har dei venta over 30 år på å få gangveg. For Helge Haugland, som aksjonerte allereie i 1977, er tålmodet brukt opp.

- Gode fine ord i valkampen får ein gjerne, men spørsmålet er korleis handlinga er når valkampen er over, seier han.

- Ei stor skam

Trafikken susar forbi på den tungt trafikkerte gjennomfartsåra riksveg 15 gjennom Haugen. Sjølv om dei bur på bygda, må foreldra køyre borna på skule og trening. Dei vil gjerne ha 1,3 km gangveg kostnadsrekna til 10 millionar kroner, men har venta i tretti år. Torild Løviknes er ei av mange som er fortvila, og synest det er ei stor skam.

- Sjølv om vi har kort skuleveg, torer vi ikkje å la ungane gå. Vi kan ikkje risikere at dei misser livet på skulevegen. Men all skulekøyringa skapar mykje farleg trafikk ute med skulen.Utfor kvitstripa er det ikkje meir enn 10 cm å gå på, og det går bilar i eitt. Så det nyttar ikkje, seier ho.

Ein av fem omkomne er mjuke trafikantar

Dei siste ti åra har over 16.000 mjuke trafikantar blitt skadde og 476 har mista livet i trafikken. Dødstala er tjue gongar høgare enn tilsvarande for skredulukker. Likevel vil regjeringa i år bruke 560 millionar kroner på rassikring. Berre omlag halvparten går til gang og sykkelvegar. Kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, Kristin Øien, er kritisk.

- Ein av fem omkomne i trafikken i 2006 var syklistar eller fotgjengarar. Det er eit høgt tal, og det aukar, seier ho. Det skjer færre ulukker i samband med ras, men Øien trur det handlar meir om å føle seg trygg.

- Må tenkje to tankar

Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete

Foto: unknown / SCANPIX

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete forsvarar likevel prioriteringa. Ho varslar at det vil bli brukt endå meir pengar til rassikring i åra som kjem.

- Vi må ha to tankar i hovudet samtidig. Trafikktryggleik er eit overordna mål, men framkomst for folk og næringsliv er òg eit veldig viktig mål. Derfor kan vi ikkje berre sjå på trafikktryggleik. Vi må også sjå på dei andre målsetnadene, som regional utvikling, seier samferdsleministeren.

Kjempa i 30 år

Helge Haugland hugsar godt fyrste skuleåret sitt i 1977. Då gjekk han i demonstrasjonstog for gangveg. 30 år seinare kjempar han for å få veg til sine eigne born.

- Det har aldri vore løyvd nok pengar til tryggleik for gåande og syklande. Det har vist seg i alle år. Om det er ein salderingspost eller noko anna veit vi ikkje, seier han.

Vanskeleg om vinteren

Kona Elisabeth Haugland flytta til Haugen frå Oslo. Ho er skuffa over standarden på skulevegen.

- Vi flytta frå byen til distriktet for at borna skal få ein trygg og sikker oppvekst. Så opplever vi å få ei skuleveg som er så farleg at vi ikkje torer å sende ungane ut på den, seier ho. Ho trur dei har meir fokus på trygg skuleveg i byane enn i distriktet.

12 år gamle Sunniva Løviknes er oppgitt, ho har hatt riksvegen som skuleveg sida ho byrja på skulen.

- Det er vanskeleg. Spesielt om vinteren. Eg skulle gjerne hatt betre plass å gå på, så slepp eg å dette ut i vegkanten, seier ho.

HØYR: Betalar sjølve for gangvegen