Hopp til innhold

Rassikrar for to millionar kroner

Askvoll vil bruke to millionar kroner på å sikre Loftheimsvegen for ras.

Steinutgliding i Askvoll.

Raset i mai i år stengde den kommunale vegen til Loftheim

Foto: Åge Avedal

Vedtaket i formannskapet kom som ein reaksjon etter eit ras 3. mai i år . Raset sperra all ferdsel til og frå Loftheim.

Kostnaden med rassikringa blir finansiert med lån, og kommunen skal søkje tilskot frå naturskadefondet.