Hopp til innhold

Rassikker veg om tre år

Om tre år kan trafikantane køyre riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger utan å vere redde for steinsprang i Stedjeberget og Fatlaberget.

Fatlaberget.
Foto: NRK

I dag la samferdsleminister Liv Signe Navarsete fram proposisjonen om bompengefinansiering av tunnel gjennom Fatlaberge. Samstundes gav ho i revidert nasjonalbudsjett ti millionar kroner ekstra til rassikringsarbeidet i Stedjeberget.

Kjempeglad aksjonsleiar

- Det er eit kjempenyhende. Heilt utruleg. Då aksjonsgruppa starta arbeidet hadde vi ei målsetjing om å få til noko innan 2010. Og når vi no ser at vi kanskje får køyre på ein rassikker veg i 2009, jå så må er vi utruleg nøgde, seier Kai Lille-Homb i aksjonsgruppa for rassikring.

Tunnelen gjennom Stedjeberget skal vere klar til bruk om eitt år. Regionvegsjef Ole Christian Torpp reknar med at anleggsarbeidet i Fatlaberget kan kome i gang rundt årsskiftet, og i så fall er det rassikker veg mellom Sogndal og Leikanger om tre år.

- Må bite i det sure eplet

Det er sjølvsagt ikkje alle trafikantane som er glade for å betale bompengar for å få rassikker veg, men Lille-Homb meiner dei berre må bite i det sure eplet.

- Det er ingen som er glad for bompengar. Det beste hadde vore om Stortinget hadde sett stort på ting og sagt at dei tok rekninga. Men folk er opptekne av å sikre seg sjølv og sine, og då bite ein i det sure eplet og seier at vi kanskje kan spare nokre liv på denne måten.