Hopp til innhold

Handlaga raspekaker til Spania

Raspekake-fabrikken i Førde lagar 100 tonn raspekaker i året. Snart kan ein kjøpe dei handlaga delikatessene i Spania.

Signe Nydal

Signe Nydal står bak firmaet Signes raspekaker. Dei lagar 100 tonn raspekaker i året.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Inne på den vesle fabrikken i Førde spring fire personar frå det eine metallbordet til det andre. Dei skreller poteter, lagar og pakkar raspekaker.

Og alt saman skjer med handmakt.

100 tonn i året

Bedrifta Signes raspekaker har fire medarbeidarar. På fabrikken i Førde lagar dei alle raspekakene for hand.

Produksjonen i år blir opp mot 100 tonn raspekaker med og utan flesk.

– Eg har alltid vore glad i å lage raspeballar, og eg tykkjer det er godt å eta. Det er ein rett eg van med frå eg var lita, fortel Signe Nydal ved Signes raspekaker.

LES OGSÅ: Oppskrift på raspeballar

Til Spania

Produksjon av raspekaker

Travelt arbeid på raspekake-fabrikken.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Raspekakene er ikkje berre populære på vestlandet kvar torsdag. Signes raspekaker leverer også til oljeplattformar i Nordsjøen og utanfor distriktet.

No skal dei i tillegg eksportere raspekaker til Spania.

– I fyrste omgang er det ein klubb på Kanariøyene som skal få eta, ja nettopp klubb, seier Signe Nydal.