I uvêret førre søndag nådde heile 13 av dei 20 jord- og steinrasa riksveg 5 i Kjøsnesfjorden, og rassikring kom på dagsorden igjen. No skal Statens vegvesen bruke noko av rasmassen til å bygge ein ny sikringsvoll inst i Kjøsnesfjorden.
Rasa gjer nytte
- Me har mykje masse til overs frå ryddingsarbeidet, så no vil vi prøve å få til ein liten rasvoll ved krysset til Søgnesand, der det også gjekk ras for ei veke sidan, seier distriktsvegsjef Ylvisaker.
- Så ironisk nok har rasa gjeve nok fyllmasse til rassikring?
- Ja, det er jo ein del av oppryddingsarbeidet dette, og viss vi får det til er det lurt å plassere massen slik at han gjer nytte for seg. Vi må jo rydde etter raset, og kostnaden med å plassere massen der han gjer nytte for er omtrent den same som det å plassere han der han ikkje gjer nytte for seg.
Naudløysing
Ved Stølsneset vert det sett i verk naudtiltak. (Foto: Arne Eithun, NRK)
Det skal også lagast eit rasmagasin på det livsfarlege Stølsneset, der ras både har lemlesta og teke liv. Magasinet er ei naudløysing, og skal ikkje erstatte planar om meir permanente rassikringar.
- Detet er ikkje noko rassikringstiltak på sikt, men eit reint naudtiltak, presiserer Ylvisaker.