Hopp til innhold

Rasfaren kan vere borte om få år

Det kan verte byggjestart alt om tre år på ein tunnel forbi den rasutsette strekninga ved Hundsåna på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde, opplyser ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen, til avisa Firda.

Bakgrunnen for optimismen til ordføraren er at han har fått beskjed frå vegvesenet om at ein prosjektleiar har fått ansvar for å planleggje tunnelen, og at det vert oppstartsmøte med kommunen om kort tid.

Førebels er det ikkje sett av pengar til tunnelen i nasjonalt transportplan, men håpet til Klausen er at dei med ferdige planar kan få verte med i planen alt frå 2022.

– Dette er eit kjempeviktig vegprosjekt for Askvoll kommune, det er ikkje noko å lure på. Det er 400–500 bilar som køyrer denne vegen dagleg, både pendlarar og skuleborn. Det er viktig for kommunen å få orden på dei problema som har vore der, seier Klausen til avisa.

Rydding av ras ved Hundsåna på fylkesveg 609
Foto: Vidar Laugen