Hopp til innhold

Ras og rasfare stengjer mange vegar - fleire kan det bli

Det er torsdag venta kraftig vind og mykje nedbør på Vestlandet. Allereie er fleire vegar stengde grunna ras og rasfare. Og fleire kan det bli utover dagen.

Ras mellom Aa og Ommedal

RAS: Fylkesvegen mellom Aa og Ommedal i Hyen er stengd.

Foto: Privat

Det har gått eitt lite ras på den rasutsette strekkja langs Førdefjorden . Med lokalt store nedbørsmengder i vente er det stor fare for jord- og sørpeskred på Vestlandet.

Fylkesveg 609

STENGT: Rasutsette fylkesveg 609 er stengd mellom Askvoll og Førde grunna rasfare.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dermed tek ikkje Statens vegvesen nokon sjansar. Entreprenør var like i nærleiken og det vart raskt avgjort å stengje vegen.

Det er omkøyringsmoglegheit på Fylkesveg 57 via Dalsfjordsambandet.

– Det blir gjort ei ny vurdering klokka 17, men vegen kan bli stengd heile dagen, Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Stengt i Hyen

Ras mellom Aa og Ommedal.

RASLØP: Raset i Hyen vart truleg utløyst av ein vassdemning som brast.

Foto: Privat

I Balestrand er vegen stengd både ved Esebotnen og Ulvastad, medan også fylkesveg 92 Vik - Arnafjord i Vik er stengd. Det same gjeld fylkesveg 616 Dombestein - Davik i Bremanger. Her blir det ny vurdering klokka 17.

Av fjellovergangane er Tyin – Årdal, Vikafjellet og Hol - Aurland er stengde på grunn av skredfare. Ingen av desse blir opna i dag.

I Luster er fylkesveg 337 til Veitastrond stengd grunna fleire ras. I Gloppen var fylkesveg 691 mellom Aa og Ommedal ein periode stengd grunna snøskred.

– Raset har gått om lag midt på Aavatnet. Det er ikkje så veldig stort. Fem-seks meter breitt og 2–3 meter høgt i vegbana, fortalde ein bilist til NRK.no.

Verst i midtre

Statsmeteorolog Martin Granerød seier dagen i dag vil vere prega av mykje vêr over heile Vestlandet.

– Det skuldast eit kraftig lågtrykk som ligg ute i Norskehavet. Slik det ser ut no vil det typisk kome mest nedbør i midtre strok. Kysten ser ut til å sleppe unna det verste, seier han og legg til at det også blir utfordrande forhold i fjellet.

– Det er på grunn av at vinden vil auke til sterk kuling utover dagen. I kombinasjon med mykje nedbør blir det ikkje noko særskilt å køyre. Det kan ein tenkje på i dag om ein skal ut å køyre i det heile, seier Granerød.