Hopp til innhold

Rasfare forseinka rassikringsarbeidet med eitt år

HAFSLO (NRK): I dag er ventetida endeleg over for veitestrendingane. Klokka 11 opnar ein langt sikrare veg inn og ut av bygda.

Veitastrond

ISOLERTE: Dei kring 120 innbyggjarane i Veitastrond er vande med å vere isolerte på vinterstid, men frå i dag startar ei ny tidsrekning.

Foto: NRK

At fylkesveg 337 er rasfarleg er ikkje å ta for hardt i. Det har også arbeidarane på anlegget fått erfare.

– Det har vore stogg i rassikringsarbeidet i 365 dagar på grunn av rasfare. Det seier noko om kor rasfarleg området har vore, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen Region Vest.

Tre raspunkt

Arbeidet har gått over fem år, og har kosta 275 millionar kroner. For det får dei reisande på vegen ein heilt ny tunnel, og noko utbetra veg. Tunnelmassane har gått til kring 800 meter fangvollar ved Lindeskreda og Buskreda.

Langanestunnelen tek vekk Bjørnabakkskredet som risikopunkt for dei kring 120 innbyggjarane.

– Det blir tryggande for skulebussar, skuleborn og for så vidt alle som ferdast på vegen. Her går det issprang og delar av vegen er dårleg. Det blir flott å køyre gjennom ein ny tunnel, seier brøytebilsjåfør Oddbjørn Molland.

Har kjent på risikoen

Svenn Egil Finden

SIKKERT: Svenn Egil Finden seier at arbeidarane har hatt tett dialog med geologar om når rassikringsarbeidet på veitastrondsvegen har måtte utsetjast.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er klart at du har hatt risikoen i tankane når det er mykje snø og regn, legg Molland til. Store snøskred har fleire gonger isolert bygda frå omverda. Det vil seie, bygda fekk for nokre år sidan ein luftputebåt til å hjelpe seg med når vegen har vore stengd.

Molland har ikkje sjølv opplevd større skred, men seier han har vore borti «småpuff».

– Det blir jo ei eiga stemning når vi blir isolerte. Folk blir sosiale og dei treffast meir langs vegen og snakkar om vêr og vind. Det viktigaste er at folk ikkje blir sjuke eller at det skjer ulukker, seier han.

Slepp fare og frykt

I Statens vegvesen er avdelingsdirektøren godt nøgd med at ein er komen til opningsdagen for nyanlegget.

– Eg trur det betyr mykje for dei som har jobba der å no opne ein veg som gir tryggleik for dei som bur der. Samstundes er fare for skred ein ting, men det har også stor betydning å sleppe frykta for at det kan gå skred, seier Finden.

– Blir vegen heilt rassikker?

– Det er lang strekkje frå Hafslo til Veitastrond, og det er mange skred som no blir sikra. Det blir betydeleg sikrare.