Hopp til innhold

Oddvar Torsheim misbrukt i Øygard-parodi

Den kjende kunstnaren Oddvar Torsheim er rasande etter at ein video som hersar med Vågå-ordførar vart lagt ut på Youtube. I filmen vert det brukt både bilete og namn av Torsheim.

Oddvar Torsheim

RASAR: Oddvar Torsheim er sint og oppgitt etter at hans namn og bilete vart kopla til ein harselasvideo mot Rune Øygard.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Torsheim var nærast heilt i frå seg då han oppdaga at nokon hadde misbrukt namn og bilete.

– Frekk video

I videoen er det brukt ei røyst som til forveksling er lik hans eiga i ein video som i klare ordelag hersar med den overgrepssikta ordføraren i Vågå, Rune Øygard.

– Det var i går eg fekk beskjed om at det var laga ein frekk video mot Vågå-ordføraren Rune Øygard. Eg har ikkje laga den. Det var bilete av meg når eg sang og til slutt så var det namnet mitt. Melodien var Beatles-melodien Obladi-oblada og så ein slibrig tekst, fortel Torsheim til NRK.

Reagerer sterkt

I videoen er det og bilete av Torsheim, som er er svært opprørt over å bli kobla til overgrepssaka i Vågå. I videoen er Beatles-melodien "Obladi oblada" omdøypt til noko langt grovare...

Han reagerer svært sterkt på å bli framstilt på denne måten.

– Det er fantastisk frekt å bruke både bilete og namn på den måten. Eg trudde ikkje mine eigne auge når eg såg dette. Må vere ein fullkomen tulling som har gjort det der, seier Torsheim.

Onani-video

LÅG PÅ NETT: Torsheim-imitasjonen vart ein hit på internett. No har politiet sørga for at den er sletta.

Foto: Skjermdump

Måtte slette filmen

Det er florøværingen John Arvid Svanøe som har laga videoen, som ifølgje han sjølv har blitt svært så populær, blant anna på Facebook. At Torsheim sitt namn og musikk vart brukt i ein video mot Rune Øygard tenkte han ikkje så mykje på.

– Det tenkte eg for så vidt ikkje over. Han toler å bli imitert. Sånn som i Florø-revyen når eg var med der, var det visse grenser vi ikkje gjekk over. Eg meiner videoen er på kanten, men han held seg inn forbi, seier Svanøe til NRK.

Svanøe har no sletta videoen frå You Tube etter ein telefon frå politiet i går, fortel lensmann i Førde og Naustdal Jan Egil Tvinde.