NRK Meny
Normal

Rasar mot sognekunst i Bergen

– Dette er lydforureining av verste slag, tordnar miljøkrigar Kurt Oddekalv.

vevringutstillinga

HØGLYDT: Denne megafonen var laga som ein demonstrasjon mot gruveplanane i Vevring. No står den i Bergen.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Dessutan er det farleg støy, med desibel som er såpass høg at folk kan få skader av det. Grensa er nådd, slår Oddekalv fast overfor BA.no.

Vevring-kunst er festspel-lyd

Kunstnaren Geir Hjetland frå Balestrand sin store mobile megafon, kalla «Desibel», har skapt overskrifter i Bergens-pressa.

Lyd-kunstverket som vart laga som ein protest mot gruveplanane i Engebøfjellet under fjorårets Vevringutstilling, er laga på Kvamsøy i Sogn, men fekk sin elddåp i Sunnfjord i september i fjor. No er den nytta som kunstinstallasjon under dei pågåande Festspillene i Bergen.

128 desibel

Den store megafonen, eller «hornhøytaleren» som BA.no har døypt kunstverket, fekk æra av å avslutte onsdagens festspelopning med protestsong frå Vågen.

Med ein lyd på 128db på inntil 10 meter, let megafonen seg absolutt høyre. Det har fått Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet til å sjå raudt.

– Eg synest det rett og slett er pinleg med dette prosjektet. Det har ingenting med Festspillene å gjere. Dette er lydforureining av verste slag, seier Oddekalv til BA.no.

«Nyttar ikkje å kamunflere gutestrekar som kunst»

Han samanliknar kunstverket med motorsyklistar som køyrer Harley Davidson utan eksosanlegg.

Kurt Oddekalv

HAR FÅTT NOK: Kurt Oddekalv trugar med politimelding.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Det er ikkje spesielt sexy. Det nyttar ikkje å kamunflere gutestrekar som kunst.

Etter planen skal megafonen gi lyd frå seg tre gongar dagleg under Festspillene. Oddekalv trugar med politimelding dersom «støyen» held fram.

– Skal dei halde fram med dette kvar dag vil eg bruke min rett til å protestere og forlange at det blir stoppa. Blir ikkje dette stoppa, vil eg melde dei, seier han og viser til forureiningslova.

Ok i Sunnfjord, men i Bergen...

Oddekalv har sjølv profilert seg som mostandar av gruveplanane i Sunnfjord, som var utgangspunkt for kunsten. Å bruke den i Vevring var ifølgje miljøkrigaren heilt greitt, men i Bergen vil han ikkje høyre megafonen.

– Når Festspilldirektøren brukar dette som såkalla kunst, då har han misforstått og bør pakke snippeska si. Det er muleg eg er ein sur, grinete, gammal gubbe, men eg synest dette er utroleg lite kreativt.

vevringutstillinga

KUNSTNAREN: Geir Hjetland avbilda ved kunstverket «Desibel» under Vevringutstillinga 2009.

Foto: Heidi Lise Bakke

Lyden frå megafonen skulle ifølgje gruvemostandarane vise støybilete som vil bli i bygda ved Førdefjorden, dersom gruvdrift blir realisert.

Det har så langt ikkje lykkast NRK å få kommentar frå kunstnaren og Festspillene i Bergen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune