NRK Meny
Normal

KrF ber regjeringa ta reformpause

Trude Brosvik (KrF) rasar mot planane om å leggje ned den kommunale skatteinnkrevjinga. – Her er regjeringa heilt ute å køyre, torar ho.

Fylkesgruppeleiar Trude Brosvik og fylkesleiar Norunn Lunde Furnes

LITE NØGD: Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, er ikkje imponert over finansminister Siv Jensen si haldning til Skattedirektoratet sitt framlegg om å fjerne 261 kommunale skatteinnkrevjingskontor.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skattedirektoratet overrekte i går rapporten der dei gjer framlegg om å overføre skatteinnkrevjingsfunksjonen i kommunane til Skatteetaten.

Framlegget som set åtte kommunale skatteinnkrevjingskontor i fylket i fare, blir møtt med ei positiv haldning hos finansminister Siv Jensen (Frp).

– Her må regjeringa legge seg på ei reformpause, og så må dei ta eitt steg om gongen, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

– Den beste løysinga

Brosvik varslar kamp mot framlegget, som kjem i ei tid der kommunane ventar å bli tilført oppgåver på grunn av kommunereforma.

27 kommunale årsverk kring om i fylket kan forsvinne dersom Skattedirektoratet får medhald i framlegget. På landsbasis kan 288 kontor bli til 27.

Siv Jensen snakker om Hoksrud

POSITIV: Finansminister Siv Jensen (Frp) tykkjer framlegget til Skattedirektoratet er positivt.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Skatteetaten føreslår at skatteoppkrevjaroppgåvene i Sogn og Fjordane blir samla på Leikanger og Førde. Framlegget skal ut på høyring.

– Endringa vil skape større og betre fagmiljø, styrka innsats mot svart økonomi, auke likebehandling og rettstryggleik. Det er også den beste løysinga for å sikre skatteinntektene til fellesskapet, seier Jensen.

Ordførar ser raudt

Hovudårsaka til at regjeringa ynskjer å overføre skatteinnkrevjingsansvaret til Skatteetaten er for å få ein betre og meir fullstendig skatte- og avgiftspolitikk.

Bengt Solheim-Olsen

SER RAUDT: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora er langt frå like positiv som finansminister Jensen.

Framlegget frå hans eiga regjering får han til å sjå raudt.

– Vi er midt oppe i ein kommunereformprosess i rakettfart, pålagt av regjeringa, der eitt av hovudmåla er å byggje det framtidige Kommune-Noreg slik at det er rusta for nye og fleire oppgåver. At ein samstundes startar ein prosess som skal ta frå kommunane oppgåver, er nesten på grensa til useriøst, seier han.

Mindre robust

Finansminister Jensen framhevar at ordninga vil gje samfunnet ei innsparing på 370 millionar kroner i året.

Statssekretær Pål Erik Bjørnestad (Frp) i Finansdepartementet seier det ikkje er naturleg for kommunane å drive skatteinnkrevjing.

Han seier at det også er knytt eit sterkt behov for rettstryggleik og lik innkrevjing på tvers av kommunegrensene.

– Uavhengig av kommunereform og kommunesamanslåing, så meiner vi dette er rett, spesielt når vi får ut ein betydeleg effektiviseringsvinst. Vi har lova å stogge sløsing og å redusere byråkrati, seier han.

I Sogn og Fjordane KrF fryktar Brosvik for kommunane sine fagmiljø. Dei vil framleis sitje att med innkrevjingsoppgåver, men vil ha færre til å gjere dei.

– Det dei meiner skal bli meir robuste, gjer dei mindre robust, avsluttar ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser