Rasar mot framleis stenging av grendaskular: – Respektlaust!

Sp-politikar Arnstein Menes tordnar mot det politiske fleirtalet i Balestrand, som i går valde å ikkje opne opp att dei to grendaskulane Fjordtun og Nessane.

Menes tordnar mot skulenedlegging

SINT: Arnstein Menes (Sp) har lite til overs for at det politiske fleirtalet i kommunestyret snudde og valde og halde opp nedlegginga av grendaskulane. Her eit bilete av Fjordtun oppvekstsenter.

Foto: Montasje: Kjell Arvid Stølen/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vedtaket i kommunestyret kom ei veke etter at formannskapet gjekk inn for å starta opp att grendaskulane, som har vore stengte sidan i haust. Menes meiner det ikkje har kome fram nye opplysningar som skulle tilseie at vinden ville snu.

– Så tek dei det vekk med eit pennestrøk no i kommunestyret. Det er respektlaust overfor innbyggjarane og for organet som har vedteke dette, seier Menes.

– Eit spel for galleriet

Ap, H og KrF oppretta ein politisk komité som i månadane fram mot kommunestyret jobba for å gjenoppretta skulane.

Harald Offerdal

SVARAR: Ordførar Harald Offerdal (Ap) meiner Menes bommar med kritikken.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det var truleg berre eit spel for galleriet, for det verkar ikkje som det var intensjonen til desse partia å prøve å få det til, seier Menes.

Det meiner ordførar Harald Offerdal (Ap) er berre tull.

– Det var gjort eit ærleg forsøk på å få i gang att grendaskulane. Det har vore ein veldig tøff budsjettprosess, vi har skore til beina på dei fleste område. Vi er ikkje sikre på at vi har inndekning på alt likevel, men fleirtalet landa på eit ansvarleg budsjett, seier han.

Tøff økonomi avgjorde

Han meiner dei tre partia Ap, H og KrF ikkje har fare vinglete fram, slik Menes framstiller det. Like før møtet i formannskapet kom det fram at kommunen ville miste inntekter, mellom anna på grunn av eit kraftsal som gav lågare utbytte enn venta.

– Alt dette skjedde i løpet av ei og same veke. Fleirtalet i formannskapet var veldig tydelege på at vi ikkje hadde fått konkludert og varsla at vi kom til å kome med endringar i kommunestyret, seier Offerdal.

Han meiner det tvert imot er Menes som opptrer respektlaust.

– Han viste veldig godt at vi ikkje hadde konkludert endeleg, seier Offerdal.

Ny vurdering om to år

Han seier kommunen har tøff økonomi og kritiserer Senterpartiet for å ikkje ta innover seg realitetane.

– Vi har håp om at vi kan unngå Robek opp i alt dette, men det blir tøffe tak, seier Offerdal.

Dei neste åra må dermed foreldre i dei to grendene bu seg på å sende ungane til skulen i kommunesenteret Balestrand. Framtida til grendaskulane skal opp til ny vurdering om to år.

– Så er det å sjå om ein greier å få ned drifta, slik at det blir forsvarleg å setje dei i gong att, seier Offerdal.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.