Hopp til innhold

Reagerer sterkt på gift i fiskeforet

Naturvernforbundet og forskarar er opprørt over fiskefôrselskap som insisterer på å få løyve til å bruke gifthaldig fiskemjøl i laksefôret.

Ewos

INNEHELD FORBODE STOFF: Fiskefôret frå m.a. Ewos inneheld HCB.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

NRK kunne onsdag avsløre at 100.000 tonn norsk fiskefôr inneheld fiskemjøl med for stort innhald av det kreftfarlege og forbodne stoffet Heksaklorbenzen (HCB).

Fagrådgjevar Per-Erik Schulze i Norges Naturvernforbund er rysta over at bransjen no ber om løyve til å bruke ytterlegare 1000 tonn som står i karantene.

– Dette er ei veldig stygg sak. Dette er ei av dei mest berykta miljøgiftene i verda som har hamna i fôret.

Per-Erik Schulze

- STYGG SAK: Per-Erik Schulze i Naturvernforbundet.

Foto: Naturvernforbundet

Kreftfarleg miljøgift

Naturvernforbundet rettar knallhard skyts mot oppdrettsnæringa, og spør seg om bransjen tek faren med miljøgift i maten vår på alvor.

Tre norske produsentar av fiskefôr til oppdrett har i vår importert fiskemjøl frå Peru, med ulovleg høge verdiar av den kreftfarlege miljøgifta Heksaklorbenzen (HCB).

Tabben vart ikkje oppdaga før over 100 000 tonn med fôr i april og mai vart brukt som mat til oppdrettsfisken langs kysten. 1000 tonn av fòret ligg no att i karantene på fabrikkane.'

– Veldig skuffande

Alt i juni gjekk Mattilsynet og fôrbransjen ut og informerte om funnet av HCB i fiskemjøl, men ingen sa då noko om at fôret som inneheldt fiskemjølet alt var oppete av oppdrettslaks.

Men no har fôrselskapa også hyra inn advokatar og krev dispensasjon til å bruke fòret som Mattilsynet alt har bestemt er ulovleg.

– Det er veldig, veldig skuffande av ein bransje som har alle mogelegheiter til å ha full kontroll med kva som hamnar i denne maten, seier Schulze.

Bransjen sjølv meiner oppdrettsfisken ikkje er farleg, og har klaga på Mattilsynet, og bede om dispensasjon frå forbodet mot å bruke fôret.

Dei meiner at ved å blande fiskemjølet ut med andre ingrediensar, blir den samla giftverdien i laksefôret så låg at ein kjem under faregrensa. Også Mattilsynet seier at oppdrettslaksen som har ete fiskemjølet ikkje utgjer nokon helsefare, og skal snart kome med ei avgjerd i saka.

Seniorforsker Torkjel Sandanger ved NILU i Framsenteret.

- UTRULEG: Seniorforskar Torkjel Sandanger.

Foto: Helge M. Markusson, Framsenteret.

– Heilt utruleg

Men ekspert på miljøgift ved Universitetet i Tromsø, førsteamanuensis Torkjel Sandanger, meiner oppdrettsfôrbransjen ved å klage på Mattilsynet risikerer næringa sitt omdømme.

– HCB er ei miljøgift som har vore forboden i lang tid, og når vi tek blodprøve av folk i dag, så er det ei av miljøgiftene vi finn i høgast nivå, sjølv titals år etter at den vart forboden. Det er heilt utruleg at dei vil fôre laksen med fôr som er forureina med HCB.

– Men dei argumenterer med at samla sett kjem fôret under grenseverdien. Er ikkje det eit argument?

– Det er kanskje eit argument, men det er grenseverdiar for dette, og vi meiner at nokre av desse grenseverdiane er sette for høgt når vi ser at vi alt i dag har kroppen full av mange ulike miljøgifter.

Forskaren er særleg uroa fordi folk får stadig fleire ulike giiftstoff i seg gjennom mat samanlikna med tidlegare. Ein vanleg nordmann kan ha 200 ulike giftstoff i kroppen. Ein veit for lite om kva reaksjonar som skjer i menneskekroppen når desse giftstoffa vert miksa saman, den såkalla "cocktaileffekten".

- Heilt uforsvarleg

Schulze i Naturvernforbundet er kritisk til om bransjen verkeleg har kontroll på innhaldet av giftstoff.

– Det er heilt uforsvarleg, og det avslører at kontrollrutinane i bransjen ikkje er gode nok på nokon måte. Dette held berre ikkje.

Fiskefôrselskapet Skretting i Stavanger har åleine selt 67.000 tonn av oppdrettsfòret som Mattilsynet meiner er ulovleg.

Erlend Sødal

- HEILT TRYGT: Erlend Sødal i Skretting.

Foto: Pressefoto / Skretting

– Kanskje ei nestenulukke

Administererande direktør Erlend Sødal i Skretting meiner kontrollrutinane deira har fungert. Det farlege stoffet HCB i fiskemjøl kom totalt uventa på industrien, og noko slikt har ikkje skjedd tidlegare. Årsaka ligg i nylege endra produksjonsmåtar i industrien i Peru.

– Det fiskefôret som har gått ut er heilt trygt, og det er innanfor grenseverdiane som styresmaktene har sett. Våre kontrollrutinar er basert på løpande risikovurderingar.

– Kanskje vi kan tillate oss å omtale dette som ei nestenulukke. Vi såg at vi fekk høgare verdiar, og vi har gjort korrigerande tiltak.

Sødal forklarar at dei gjennom prøver av fòret oppdaga at verdiar for HCB hadde gått oppover. Då starta selskapet analyser av ingrediensane for å finne årsaka. Syndaren viste seg å vere fiskemjøl frå Peru. Mattilsynet blei varsla, det vart også konkurrentane som har brukt fiskemjøl frå same fòrfabrikk.

Bakteppet for at fiskemjølet inneheld det farlege stoffet er at fabrikken i Peru har starta å gjenvinne avfall frå produksjonen, som eit miljøtiltak. Paradokset er at det utløyste nok eit problem. Ved å tilsette jernklorid for å skilje ut avfallet har det blitt for store verdiar av miljøgifta i fiskemjølet.

Meiner bransjen må skape tillit

Kritikarane meiner fôrselskapa Ewos, Biomar og Skretting ikkje skaper tillit ved å krevje at Mattilsynet gir dispensasjon frå omsetningsforbodet, Men Sødal seier dei fyrst og framst klagar for å få klarheit i regelverket.

– Det handlar mykje om juss, og så handlar det om trygg mat, og det handlar om at vi treng å skilje rollene mellom aktørar, og då er det naturleg for oss å teste ut korleis vi skal tolke regelverket.

Men i Tromsø meiner forskar Torkjel Sandanger næringa enkelt og greit bør akseptere at folk har godt av å ha minst mogleg giftstoff i maten.

– Tidlegare er det prøvd å selje oppdrettsnæringa som ei rein næring, og dette er å gå motsett veg av trenden i verda i dag, der ein prøver å få til ei grønare næring.

Tonnevis av oppdrettslaks har fått i seg det kreftframkallande middelet HCB. Mattilsynet meiner fiskefôr frå Peru aldri skulle blitt brukt i Norge.

SJÅ TV-SAKA: Heksaklorbenzen er eit kreftframkallande stoff som har hamna i fiskemjølet som vert brukt til fôr til norsk oppdrettslaks. Foto: Arne Stubhaug/Redigering: Steinar Lote.