Hopp til innhold

Protesterer mot at jordmorvakt blir kutta - gravide fryktar for tryggleiken sin

Småbarnsmødrer i Flora aksjonerer mot vedtaket om å legge ned ordninga med jordmor på vakt i kommunen.

Florø med skjermdump frå Facebook

STORT ENGASJEMENT: Facebook-gruppa har fått mange «Liker» den korte tida den har vore i sving.

Foto: NRK/Skjermdump frå Facebook

Helse- og sosialutvalet i kommunen har vedteke å legge ned den kommunale jordmorvakta, skriv Firdaposten. Denne vakta blir også brukt som følgjeteneste for dei gravide som skal føde. Grunngjevinga for vedtaket er at jordmorvakta er Helse Førde sitt ansvar.

Provoserte mødre

Avisa skriv at i løpet av 15 timar samla aksjonen 875 underskrifter på Facebook. Tidleg tysdag morgon har gruppa over 1600 som likar «Vi som vil bevare jordmorvakta i Florø».

Tobarnsmor Sissel Strømmen seier til avisa at dei vil seie frå kor feil vedtaket er.

– Det er nok mange som vil føle seg usikre i ein situasjon utan å spørje jordmor til råds, til dømes når pappa skal køyre ei fødande dame til Førde, seier ho.

Fødde i busslomme

Lene Gjerde Sætren og Lilly

FØDDE I AMBULANSE: Lenge Gjerde Sætren rakk aldri fram til sjukehuset og er glad ho hadde ei jordmor i ambulansen,

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

På sjølvaste julaftan i fjor fødde Lene Gjerde Sætren sitt fjerde born i ambulansen. Dei rakk ikkje fram til Førde og på ei busslomme åtte kilometer frå sjukehuset, kom vesle Lilly til verda. Sætren følte seg trygg fordi det var jordmor i ambulansen. No er ho provosert over at følgjetenesta og jordmorvakta blir fjerna.

–Det er heilt utruleg. Det går som oftast bra, men ein veit aldri. Dette må handla om tryggleiken til kvinnene, seier ho til Firdaposten.

– Forstår ikkje konsekvensane

Det var onsdag førre veke at fleirtalet i Helse- og sosialutvalet bestemte at dei ikkje vil bruke 236.000 kroner på å oppretthalde ei eiga jordmorvakt. Det var Frp og Høgre som saman stemte for å ikkje oppretthalde tilbodet i Florø.

Normund Svoen som er medisinsk ansvarleg for vaktlegane i Flora meiner Helse- og sosialutvalet i kommunen ikkje forstår konsekvensane av vedtaket.