Hopp til innhold

Rasar etter E39-ros frå nabofylket

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal får som hatten passar etter at han rosa Sogn og Fjordane Ap for valet av E39 via Stryn. – Lågmål, rasar Eid-ordføraren.

Alfred Bjørlo

PROVOSERT: Venstre-ordførar Alfred Bjørlo har mildt sagt lite sansen for det han meiner er innblanding frå Jon Aasen si side.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Den bitre striden om kor E39 skal gå gjennom Sogn og Fjordane i framtida ser ikkje ut til å ville få ein ende med det første.

I helga samla Sogn og Fjordane Ap seg om kryssing av Nordfjorden via Stryn, noko Ap sin fylkesordførar i Møre og Romsdal sette pris på. Også Ap i nabofylket i nord vil nemleg ha E39 via indre line.

Men at Jon Aasen blandar seg slik provoserer Eid-ordføraren kraftig. Alfred Bjørlo meiner dette er lågmål.

– No når Jon Aasen eit lågmål, sjølv til han å vere når det gjeld å blande seg inn og raljere over Sogn og Fjordane.

– Det er mogleg han trur han kan styre Sogn og Fjordane Arbeidarparti, men han kan ikkje styre Sogn og Fjordane fylke, seier Bjørlo.

– Frekt

Eid-ordføraren kjempar for at E39 også i framtida skal krysse Nordfjorden via Anda-Lote, og meiner fylkesordføraren i Møre og Romsdal gjer narr av det vedtaket som fylkestinget i Sogn og Fjordane har gjort for fjordkryssinga av Nordfjorden.

– Det han frekt omtalar som eit synspunkt på E39 som nokon personar som i Gloppen Senterparti står for, det er altså det gjeldande vedtaket i Sogn og Fjordane fylkesting.

– Det er også den same traseen som regjeringa sine eigne kvalitetssikrarar har tilrådd som framtidig E39 og det alternativet som har den største samfunnsøkonomiske nytten, seier Bjørlo.

– Toppen av arroganse

Venstre-politikaren har lite til overs for det han meiner er innblanding og meiner Aasen burde vise meir respekt for sine naboar i sør.

– Å høyre fylkesordføraren raljere med vedtak i Sogn og Fjordane fylkesting på denne måten, det er lågmål og toppen av arroganse. Sjølv frå Jon Aasen si side.

– Dette handlar for det første om den forakta han omtalar trasevalet over midtre på, som altså er eit fylkestingsvedtak i Sogn og Fjordane.

Han meiner det ville vore uhøyrt om leiande politikarar i Sogn og Fjordane blanda seg inn i debatten i Møre og Romsdal.

– Det hadde vore uhøyrt. Vi må ha respekt for kvarandre, og viss han ikkje har meir respekt for Sogn og Fjordane fylke, så synest eg det er langt over kanten.

Det er berre litt over eitt år sidan dei to politikarane gjekk i tottane på kvarandre, også den gong handla det om E39.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Aasen

NATURLEG: Jon Aasen meiner det er heilt naturleg at Møre og Romsdal seier kva dei meiner om kryssing av Nordfjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Interessert i meir enn vår eigen navle

Jon Aasen på si side forstår ikkje kvifor Bjørlo hissar seg opp. Han meiner det er heilt naturleg at dei i Møre og Romsdal bryr seg med E39 over Nordfjorden.

– Kva Bjørlo meiner om meg, det må eg vedgå at livet er for kort til å bry seg med.

– Men om Bjørlo set seg inn i saka, så hadde han visst at Møre og Romsdal som vegregion er delt i to. Vi høyrer til både vegregion Vest og Midt. Vegregion Vest er at vi er høyringsinstans for E39-delen som går Skei-Ålesund, og så startar vegregion Midt i Ålesund og går til Trondheim.

– Så du meiner det er heilt naturleg at du skal meine noko om kryssing av Nordfjorden?

– Ja, kjære vene. E39 er eit nasjonal prosjekt frå Kristiansand til Trondheim. Vi er jo interessert i meir enn vår eigen navle. Det er like mykje vår veg som alle andre sin veg.

– Vi skal bruke den vegen og då er det sjølvsagt at vi meiner noko om Kvivsvegen og andre vegar som fører fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

INDRE LINJE: Sogn og Fjordane Ap går inn for at E39 i framtida skal gå via Stryn. Det fekk dei ros for av partikollega Jon Aasen i Møre og Romsdal.

Foto: Statens vegvesen

Meiner ein må bli samde raskt

For halvanna veke sidan kom lovnaden som mange har venta på. Regjeringa lovar ferjefri E39 innan 20 år, innan då er planen at alle dei åtte fjordane som i dag blir trafikkerte med ferjer skal ha anten bru eller undersjøisk tunnel.

Når ein no har fått ein slik lovnad er det viktig at ein gjer alt for å leggje til rette for rask bygging, meiner Aasen.

– Eg hadde venta at alle gjer alt ein kan for å få på plass traseen slik at dette kan planleggast i detalj og kome på plass.

– Dess lenger vi slåst internt, dess raskare er det andre plassar som vil få ei løysing, både nord om oss og sør om oss.

Via Kvivsvegen

Aasen meiner det er heilt naturleg at E39 i framtida skal gå via Stryn og vidare over den nybygde Kvivsvegen.

– Når Kvivsvegen er bygd som eit nasjonalt prosjekt, utan bompengefinansiering, så ventar vi at den traseen skal vidareførast.

– For oss på Møre-sida er det veldig viktig at vi får ei rask nord-sør løysing, og kvifor det? Fordi vi har mykje fisk og andre ting som skal fraktast på den vegen, og då er det viktig at den står klar ferjefri inn i framtida.

– Vår fulle rett

At Bjørlo opplever at han gjer narr av fylkestingsvedtaket i Sogn og Fjordane som går for midtre linje over Anda-Lote avviser Aasen.

– Det gjer eg naturleg nok ikkje narr av. Men det var eit fylkestingsvedtak som var omtrent delt på midten.

– I Møre og Romsdal har vi, med vår fulle rett fordi vi er ein del av det, uttalt oss om same strekning og då har vi einstemmig gått for indre linje.

– Ikkje fordi vi er imot Eid eller Gloppen, men fordi det tener oss, og er det som nasjonalt sett er den beste linja, seier Aasen.