Rolf Losnegård i aksjonsgruppa for Dalsfjordsambandet meiner at motstandarane no bryt eit løfte. Han seier at dei ulike aksjonsgruppene for eit par år sidan tok kvarandre i handa på at dei ikkje skulle motarbeide og undergrave kvarandre.
Bryt avtale
Det er aksjonsgruppa for opprustning av riksveg 609 mellom Askvoll og Førde, og aksjonsgruppa for rassikring av riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger som har skrevet brev til samferdsleministeren. Rolf Losnegård, som er tilhenger for Dalsfjordsambandet, meiner at motstandarane no bryter ein avtale de hadde om å frede arbeidet til kvarandre. Dette avvises derimot av meiningsmotstandarane.
-Dette er heilt ukjent for meg, seier Oddvin Fossøy i aksjonsgruppa for rassikring i Sogn og legg til.
-Viss ein kjempar for ulike ting, kan ein ikkje inngå fred med kvarandre.
Feile tal
Rolf Losnegård er også sint på meiningsmotstandarane fordi at dei i brevet dei har skreve til samferdsleministeren kjem med ei rekke påstandar om sambandet som han meiner er helt feil. Mellom anna er estimerte kostnader framstilt i brevet dobbelt så høge som det han meiner er reelt.
Oddvin Fossøy i aksjonsgruppa for rassikring i Sogn er ikkje overraskande helt ueinig med skuldingane. Han seier at med tilførselsvegar vert prisen på sambandet så høg.