NRK Meny
Normal

Rasande etter SMS-kritikk

Ein rasande statssekretær Roger Ingebrigtsen frå Arbeiderpartiet stadfestar SMS-kontakt med Clara Øberg.

Roger Ingebrigtsen

Statssekretær Roger Ingebrigtsen er rasande etter kritikk om samrøre mellom styreleiaren i Helse Førde og helseministerens kontor.

Foto: Rune Nordgård Andreassen

Departementet får kritikk frå Høgre for å ha for mykje direkte kontakt med Helse Førde, medan Clara Øberg på si side seier ho berre har kontakt med ministeren som partifelle.

- Klapp på skuldra

Clara Øberg og Harry Mowatt.

Clara Øberg sa at ho ikkje hadde fått SMS med støtteerklaring.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øberg seier at ho aldri har motteke SMS frå Ingebrigtsen med politisk innhald. Derimot stadfestar ho at han har sendt henne ein "klapp på skuldra"-SMS.

– Det er ingenting hemmeleg med denne tekstmeldinga. Ho har fått ei støtte frå meg, seier Ingebrigtsen.

Høie er kritisk

Bent Høie (Høyre)

Bent Høie meiner kontakten mellom Clara Øberg og helseministeren er problematisk.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Leiar i helse- og omsorgskomiteen Bent Høie frå Høgre er kritisk til at helseministeren og departementet har direkte kontakt med Clara Øberg så lenge det er Helse Vest som formelt bestemmer over Helse Førde.

– Det skaper uryddigheit i forholdet mellom helseministen, Helse Førde og Helse Vest som eigar. Det skaper også uryddigheit i forhold til kven som eigentleg sit med ansvaret for det skjer i Helse Førde viss noko går gale.

Har snakke med ministeren

For nokre veker sidan sa Clara Øberg i ettermiddagsendinga at ho hadde snakka med ministeren. Det gjorde ho før ho ville svare på spørsmål kring helseministeren sine utsegner om at lokalmedisinske senter ikkje kan erstatte lokalsjukehus.

– Med det samme vart eg overraska, men no har eg snakke med ministeren og det er ingen uoverstemmelsar mellom oss.

SMS vart omsnakka

I tillegg har fleire kjelder hevda til NRK at Øberg hadde fått støtteerklæring via tekstmelding frå statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet, Roger Ingebrigtsen. Meldinga skal ha vore omsnakka på fylkestingsmøtet i Sogndal der sjukehustrukturen vart handsama. Men på spørsmål nektar Øberg for at det er snakk om ein SMS med politisk innhald.

– Eg kan ikkje hugse at eg har fått det. Eg får sikkert 20 meldingar kvar dag, men kan aldri hugse at eg har fått noko slikt frå Roger Ingebrigsten. Viss eg hadde fått det, hadde eg hugsa det.

– Heilt uproblematisk

Men då statssekretær Roger Ingebrigtsen får same spørsmålet, stadfestar han på si side at han har sendt ein støtte-SMS. Han meiner denne typen kontakt er heilt uproblematisk og vert rasande når han får spørsmål om at Clara Øberg har nekta for det same.

– Det er ingenting hemmeleg med den og eg kan ikkje forstå kva som skulle vere poblemet med det. Ho har fått ei støtte frå meg, og eg har alltid vore slik at eg beundarar dei som tør stå i motvind og ha sterke meiningar.

– Det som gjer det spesielt er at Øberg nektar for å ha fått melding frå deg. Kva seier du til det?

– Det må du spørre ho om. Eg kan stadfeste at eg kontakta ho.

– Eg har også eit spørsmål som går på kritikken frå Bent Høie.

Då blir Ingebrigsten sint og lurer på kor mange spørsmål journalisten har.

– Eg blir så irritert. Eg har vore journalist sjølv og det får for faen meg vere grenser for å drive å presse folk. Eg svarer heilt straight og heilt ærleg. Hadde eg vore uærleg så hadde eg forstått det.

Øberg vedgår SMS

Då NRK snakkar med Clara Øberg etter samtalen med Ingebrigtsen vedgår ho å ha fått SMS frå statssekretæren, men meiner at ho ikkje har snakka usant sidan SMS-ane ikkje handla om strategiprosessen i Helse Førde.

– Det eg har svart på er i forhold til strategiprosessen. Eg får masse tekstmeldingar med mykje støtte frå politikarar, vener og andre. Men strategiprosessen har ingen frå departemenet lagt seg borti.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast