Hopp til innhold

Rasa har kosta nær seks millionar å rydde opp

Opprydding og arbeid etter rasa i Skredestranda på riksveg 15 mellom Eid og Stryn har så langt kosta vel seks millionar kroner.

Skredestranda

FLEIRE STORE RAS: Det har gått fleire store ras på strekninga Skredestranda dei siste åra. Biletet er frå raset i november 2013.

Foto: Jan Helge Aalbu / NRK

Sidan november 2013 har det tre gonger gått større ras på strekninga. No vurderer Statens vegvesen kva dei kan gjere for å sikre strekninga på lenger sikt.

– Vi skal gjere ei geologisk kartlegging av området og sjå på moglege sikringstiltak. Vi må finne ut om det er mogleg å sikre dette ganske store fjellområdet, seier seksjonsleiar i distrikt Fjordane, Margot Åsebø.

Fleire store ras

Margot Aase Åsebø

SIKRING: Margot Åsebø seier dei no skal gjere ei geologisk kartlegging av fjellsida i området.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Skredestranda går riksveg 15 langs Hornindalsvatnet, med høge og bratte fjellsider på oppsida. Dei siste to åra har det gått fleire større ras. Felles for dei alle er at dei losnar høgt oppe, og at det er store rasmassar som går over vegen og ut i vatnet.

Under uvêret Hilde i november 2013 gjekk eit vel 300 meter breitt jordras over vegen, og ein brukte ei heil veke på oppryddinga og reparasjon av vegen.

I mars i år var vegen stengd i nær to døgn etter totalt tre jordskred. To bilar vart den gong fanga mellom skreda.

I slutten av november var vegen igjen stengd etter i alt to ras med jord- og steinmassar, trevirke og vatn.

Ras Skredestrand

FANGA MELLOM RAS: Fire ungdomar vart fanga i ein bil mellom fleire ras på strekninga i mars i år.

Foto: Statens vegvesen

Mykje arbeid

Opprydding og reparasjonar har kosta nær seks millionar kroner, med 2,7 millionar kroner etter uvêret Hilde i 2013, vel to millionar etter rasa i mars og ein million etter rasa for nokre veker sidan.

– Dette har gått til opprydding, reetablering av linjer som har blitt øydelagde, oppbygging av veg, skifting av stikkrenner, ny kummar, opprydding av skog og tiltak i terrenget. Så det er mykje forskjellig arbeid som er gjort, seier Åsebø.

Skredestranda er i ferd med å bli rydda

MYKJE VATN: Det var mykje vatn i rasmassane som i slutten av november kom ned på riksveg 15 mellom Stryn og Eid i området Skredestranda.

Foto: Statens vegvesen

Held strekninga under oppsikt

Ho seier det blir viktig for dei å kartlegge kva som eventuelt kan gjerast for å unngå fleire ras i framtida.

I mellomtida er Vegvesenet svært obs på strekninga, og held den under nøye oppsikt.

– Vi held eit auge med området. Vi ser at det er ved spesielle verforhold at rasa kjem, gjerne når det er snø i fjellet i samband med temperaturstiging og mykje regn på kort tid.

Skredestranda

OPPRYDDING: Etter raset i november 2013 arbeidde ein med opprydding i ei veke.

Foto: Harald Kolseth / NRK