Ras ved Nautsundvatnet

Det har gått eit jord- og steinras på fylkesveg 5672 ved Nautsundvatnet. – Vegen er sperra, og det er ikkje mogleg å komme seg forbi, seier Katrina Kvåle i vegtrafikksentralen. Vegen er stengt. Ny vurdering er sett til klokka 12.