NRK Meny
Normal

Ras tok rasoverbygg

Flåmsbana er stengd for togtrafikk fram til sundag etter at eit ras har rive ned eit snøoverbygg og skada ei mast som held køyreleidningen oppe.

Ras på Flåmsbana

FLÅMSBANA STENGD: Ras tok køyreleidningen og øydela rasoverbygg

Foto: Jernbaneverket

– Klokka 0700 i dag sende vi opp eit lag med klatrarar som skal rydde i rasoverbygget. Det seier kommunikasjonssjef i Jernbaneverket Thor Erik Skarpen til NRK laurdag.

Eit ras øydela fredag eit rasoverbygg, og tok også med seg køyreleidningen til Flåmsbana.

Thor Erik Skarpen

HÅPAR Å KUNNE OPNE FLÅMSBANA SUNDAG: Thor Erik Skarpen, kommunikasjonssjef i Jernbaneverket.

Foto: Thor Erik Skarpen

– Geologen som var på helikoptersynfaring fredag ettermiddag seier det framleis er rasfare i området.

Planen er at klatrarane laurdag også skal utløyse ein snøskavl som står igjen i fjellsida over rasoverbygget. Når det er gjort, og ein er ferdig med å rydde i restane av rasoverbygget, reknar Skarpen med at det vil ta tre timar å få reparert køyreleidningen.

– Håpet er at vi skal kunne opne Flåmsbana for trafikk sundag.

Alternativ transport

Ras på Flåmsbana

SKADENE: Snøskredet har gjort stor skade på rasoverbygget.

Foto: Jernbaneverket

– Alle uføresette hendingar og stengingar er sjølvsagt kjedelege for oss. Det betyr at vi ikkje får gitt det tilbodet til turistane som vi ynskjer, seier Sivert Bakk, som er driftssjef for Flåmsbana.

Bakk reknar med at mellom 400 og 500 passasjerar hadde reist med Flåmsbana laurdag, dersom den hadde vore open.

– Vi får vere glade for at det skjer såpass tidleg i sesongen, og at Jernbaneverket set så mykje inn på å få ordna dette så fort som mogleg.

Flåmsbana fekk i går varsla reiseselskapa som hadde booka turar om det som hadde skjedd, og har og fått sett opp alternativ skyss for dei som skal reise frå Flåm

– Vi har sett opp buss til Ål og Voss for dei som skulle tatt toget til Myrdal og vidare med Bergensbanen.