I går gjekk det eit stort steinras som stengde vegen mellom Måløy og Raudeberg. Statens Vegvesen vurderte faren for nye ras som så stor at dei valde å stenge vegen.
Helikopter
Geolog i helikoper granskar no rasstaden. MMS-foto Svein Ove Hansli NRK.
Vegvesenet har no sett inn helikopter med geolog for å granske området der raset gjekk, fortel Lars Erik Karlsen i Statens Vegvesen. Han opplyser at det har rasa ut kring 20 steinblokkar på opp til ein halv kubikkmeter.
- Det er heilt umogeleg å seie noko om når vegen kan opnast, seier Karlsen.
Elevar får fri
Ungdomsskuleelevane frå Nord-Vågsøy må vere heime i dag. Men skulen på Raudeberg går som vanleg.
Folk i Posten er usikre på om dei får posten forbi raset, men viss det blir opna i løpet av føremiddagen reknar dei med at det går greitt.
Rassikring
Riksveg 617 mellom Måløy og Raudeberg er svært rasutsett. Det er vedteke å utbetre vegen, og arbeidet med rassikring er planlagt å starte i oktober i år.
Skyssbåt
Ein skyssbåt går i rute mellom snøggbåtterminalen i Måløy og moloen på Raudeberg.
(Neste avgang frå Måløy kl 0915, avgang fra Raudeberg kl. 0930.)
Kring 2000 innbyggarar i Nord-Vågsøy er no utan vegsamband.
Her finn du dei ferskaste vegmeldingane for Sogn og Fjordane frå Statens vegvesen
Passerte rasstaden
Magnar Aasebø var ein av dei siste som i går kveld køyrde gjennom rasområde før vegvesenet valde å stenge vegen. Han anslår at det har gått ras over eit område på kring 50-60 meter. Aasebø fortel at det var mykje stor stein blant massane som hadde rasa ut då han køyrde forbi.