Hopp til innhold

Stort ras stengjer riksveg 5 mellom Skei og Sogndal

Ein bil køyrde seg fast i raset mellom Sogndal og Skei i natt. Det er uvisst kva tid vegen kan opnast.

Even Kvam

INSPISERER RASET: Arbeidarar frå Mesta og Statens vegvesen inspiserer raset ved Frudalstunnelen. Raset er omlag femti meter breitt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er eit stort ras. Det er omlag 50 meter breitt og på det høgaste er det to meter høgt. Det er omlag hundre meter rekkverk som pressa inn i vegbana, fortel Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Stengjer veg

STENGT: Mesta stengjer vegen omlag midt på Dalavatnet i Sogndalsdalen, nokre få kilometer frå rasstaden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Bilist varsla raset

Statens vegvesen fekk i 04-tida i natt melding om at eit ras stengjer riksveg 5 i Songdalsdalen ved Frudalstunnelen på Sogndalssida.

Ifølgje politiet var det ein bilist som varsla om raset.

– Ein bilist varsla om at han hadde køyrt seg inn i raset. Han måtte få hjelp til å komme seg laus og måtte vente ein time før hjelpa kom fram, fortel Olaug Holme ved operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ras ved Frudalstunnelen

RAS VED FRUDALSTUNNELEN: Raset er omlag 50 meter breitt og eit par meter i høgda.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Mannen skal ikkje ha fått skader i samanstøyten, og kunne køyre vekk sjølv, opplyser politiet.

Må lysne før noko blir gjort

Det er førebels uklart kva tid vegen mellom Sogndal og Skei kan opne att.

– Det er ein del arbeidet her før det blir opna att, og det må lysne før det blir gjort nye vurderingar. Eg tvilar på at det skjer noko her før i 11-12-tida, seier Molvær.

selseng

– Eg vil tru at raset er sopass stort at det må geolog inn for å vurdere rasfaren, seier Molvær.

Det er sett opp skilt både på Skei og i Sogndal som varslar bilistane om raset og om stenginga.

– Så det skal ikkje vere noko problem at folk ikkje får informasjon om steninga.

Stengt veg etter ras mellom Skei og Sogndal

STENGT PÅ SKEI: Bilistar møter mange stengte vegar i dag. Riksveg 5 er stengt ved Frudalstunnelen etter ras i natt.

Foto: Eva Marie Felde / NRK