Hopp til innhold

Ras stengjer hovudvegen for fleire tusen i Årdal

Hovudvegen inn til fleire tusen menneske i Årdal er stengd etter eit steinras i natt. Ein bil blei tatt av raset, men sjåføren kom frå det utan skadar. Ambulansetenesta vurderer korleis dei skal løyse dei stengde vegane i fylket utover dagen.

Finnsåstunnelen i Årdal stengd av ras

RAS STENGJER TUNNEL: Fylkesveg 53 er stengd, og Statens vegvesen tilrår omkøyring via E16.

Foto: Synne Asheim Haga / porten.no

– Den største utfordringa er den stengde vegen mellom Fodnes og Årdalstangen. Omkøyring der blir via Tyin, seier Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde.

Særleg i Luster og Indre Sogn finst det fleire stengde vegar, men til no har det ikkje vore problem med ambulansetransport, seier Sægrov. Folk må rekne med litt lenger tid i dag.

– Vi skal gjere det vi kan for å få fram mannskap. I enkelte situasjonar må vi improvisere, og det kan ta noko lenger tid, seier Sægrov.

Bil treft av raset

– Ein som melde frå sa at bilen hans hadde blitt treft av steinar som kom ned frå fjellsida. Han blei ikkje skada sjølv, så det er ingen personskade. Det er ingen som er teken av raset eller hamna i sjøen, seier Lars Geitle, operasjonsleiar i politet.

Bilen var ikkje køyrbar etter raset som skjedde rett vest for Kolnostunnelen på strekninga mellom Fodnes og Årdal.

Geitle seier at raset ikkje har vore stort, men vegen er likevel stengd. Ny vurdering blir gjort klokka 11 i dag, opplyser Statens vegvesen. Førebels tilrår dei omkjøring via Ev 16 og Fv 53.

Enorme nedbørsmengder har kome i Ottadalen og i Indre Sogn dei siste to døgna, og det er uvisst når fylkesveg 53 inn til industrisamfunna i Årdal kan opne igjen.

Ved Hydro i Årdal er ikkje utfordringane større enn at dei kan løyse dei.

– Så lenge vegen over fjellet er open så går det bra. Det var verre i fjor så folk veit kva dei skal gjere, seier Wenche Eldegard, fabrikksjefen i Årdal.

Ras i Årdal