Normal

Ras stengde Flåmsbana

Flåmsbana mellom Flåm og Myrdal vart like før klokka 13 måndag opna att for trafikk, etter at den har vore stengd på grunn av steinras. Ein geolog har vurdert rasfaren langs bana.

Steinras på Flåmsbana

FLÅMSBANA: Dei siste dagane har det har det gått fleire steinras mellom Myrdal og Berekvam.

Foto: Bane Nor

– Geologen har vurdert plassane, og vi har rydda vekk steinane. Vi har kome fram til at vi no opnar bana att for trafikk, seier Jon Herman Rivenes i Bane Nor til NRK.no like før klokka 13.

Etter fleire ras natt til måndag vart bana stengd, og det vart varsla ut at det vart gjort ei ny vurdering om opning klokka 13.

Rivenes seier dei har ekstra beredskap i tida framover.

– Flåmsdalen er eit geografisk utfordrande område med utfordrande sideterreng. Vi har sett det vi kallar gul beredskap, der dei som skal ferdast der må følgje med på situasjonen. Vi kan ikkje garanterte noko, men gjer tiltak for at dette skal gå sikkert føre seg.

Det gjekk fleire ras i helga

– I natt har det gått fleire ras, sa Ragnhild Aagesen, som er medievakt i Bane NOR, til NRK måndag føremiddag.

I løpet av helga har det i alt gått fire steinras mellom Myrdal og Berekvam. Steinane som kom ned i natt er på fleire hundre kilo, og sundag rasa det ned ein stein på om lag ein kubikk.

– Det er til del store steinar som har kome ned. Vi har no mannskap som er ute ryddar og når dei er ferdige sender vi inn i geolog, seier Aagesen.

Populært turistmål

I fjor reiste 990.000 personar med den populære bana i indre Sogn.

I årets første månad sette jernbanestrekka også ny trafikkrekord med ein auke på 8,1 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Stoppa all togtrafikk

Ragnhild Aagesen

STEINRAS: Ragnhild Aagesen er medievakt i Bane NOR.

Foto: Jernbaneverket

NSB opplyste at tog blir innstilt og at dei organiserer busstransport på den innstilte strekkja. Dei mange rasa dei siste dagane gjer at Bane NOR stoppa all togtrafikk forbi rasstaden inntil vidare.

– Vi kjem ikkje til å sette på trafikk igjen før vi er heilt sikre, og difor så ynskjer vi å få inn ein geolog som kan gjere ei vurdering av rasfaren, sa Aagesen tidlegare i dag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune