NRK Meny

Ras stengjer Flåmsbana

Flåmsbana mellom Flåm og Myrdal er stengd for togtrafikk på grunn av eit steinras. NSB opplyser at tog blir innstilt og at dei organiserer busstransport på den innstilte strekkja. Bane Nor opplyser at dei kring klokka 11 vil komme med ei ny vurdering av situasjonen.