Ras stengde E39 mellom Eid og Stryn

Opp mot 70 kubikk med jordmassar kom rasande ned mot E39 i Skredestranda. Fare for nye ras gjorde at vegen ikkje opna att med det første.

Ras Skredestranda

RASET: Det tek ikkje lang tid å rydde opp raset, men faren for nye skred, gjer at vegvesenet ventar.

Foto: JAN TORE SUNDE / POLITIET

Jord og stein raste ned i lag med elveløpet mellom Nordfjordeid og Kjøs måndag ettermiddag, og la seg seks meter breitt og ein halvmeter høgt over vegen.

OPPDATERT: Tysdag klokka 10 blei det gjort ei ny vurdering av raset. Vegen vart rydda og opna tysdag føremiddag.

– Det blir ikkje gjort noko meir i dag. Vi har vore der og ser elvene går veldig mørke og stygge, så vi har trekt oss tilbake. Vi kjem ikkje til å opne att vegen i dag, seier Lars Karlsen i Statens vegvesen til NRK etter raset måndag.

Kjent rasområde

Skredestranda er eit kjent rasområde, med sin høge og bratte fjellside. Det har vore fleire store skred dei siste åra. Med snøsmelting og mykje nedbør blir det spesielt utsett.

rv 15 og e39

STENGD: Riksveg 15/E39 aust for Hjelle er stengt grunna raset.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Den generelle skredfaren i området gjer at vi ventar med å rydde. Når det no blir mørkt og uvêr, og det var såpass store og brune elver i eit kjent skredområde, så ventar vi, seier Karlsen.

– Men vi er klar med maskinar og utstyr, så det tek ikkje lang tid å rydde opp.

Omkøyring

Både politiet og Statens vegvesen har hatt folk på staden for å sjå til raset i dag, og trafikken blir dirigert. Omkøyring er via fylkesveg 651 og E39 og fylkesveg 60 om Utvikfjellet.

Uveret har allereie stengt fleire vegar. Fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Askvoll og Førde er stengt grunna fare for ras. Her blir det gjort ein ny vurdering tysdag klokka 12.

Det er venta 70 millimeter med regn over vestlandet dei neste timane. Det gjer at NVE og Meteorologisk institutt har ikkje mindre enn fire farevarsel på gult nivå.

Laster Twitter-innhold