Hopp til innhold

Ras stenger fylkesveg

Fylkesveg 1 er stengd etter eit steinras ved Hauglandstunnelen mellom Instefjord og Brekke i Gulen, melder Statens vegvesen. Vegtrafikksentralen i Bergen opplyser om at ein ikkje går inn i rasområdet før det vert lyst, og at det må maskin til for å fjerne steinane. Det blir gjort ei ny vurdering kl. 13, skriv Vegvesenet på Twitter.