Hopp til innhold

Ras sperra fylkesveg i Sunnfjord

Fylkesveg 611 mellom Vevring og Naustdal var ein kort periode tysdag ettermiddag stengt på grunn av ein ras. Vegtrafikksentralen ber folk som skal ferdast på vegane utover ettermiddagen og kvelden om å vere obs.

Ras på fylkesveg 611 mellom Vevring og Naustdal

STEIN OG TRE: Dette var synet som møtte Ole Erik Thingnes på fylkesvegen mellom Naustdal og Vevring.

Foto: Ole Erik Thingnes

Ole Erik Thingnes kom køyrande innover mot Naustdal då han vart møtt av eit ras ved Redalsbakkane, mellom Vevring og Naustdal tysdag ettermiddag.

– Det er stein og jord og tre som har kome ned. Begge felt er sperra, seier han til NRK.no like etter klokka 13.30.

SISTE: Vegen vart opna kort tid etter klokka 15.

Dårleg vêr i vente

Han kjenner området som svært rasutsett, og var rask med å kome seg vekk frå staden. Han fryktar det kan kome ned meir.

– Det er ikkje mobilsignal der, og heller ikkje trygt, så eg reiste rett derifrå, seier han.

Det er sendt ut OBS-varsel for heile Vestlandet, Sørlandet og Austlandet. Restane av den tropiske stormen Karl er venta å slå inn over oss i dag, og det er venta mykje regn og sterk vind.

– Det kjem inn eit stort uvêr frå vest, og det kjem til å legge att ganske mykje nedbør i heile fylket. Vi har tre dagar føre oss med det som er markert som gult farenivå, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

– Vi trur dette er litt meir nedbør enn vi er vande med for sesongen. Det kan medføre skadesituasjonar, men vi håpar og trur Vestlandet er bygd for å ta unna denne nedbøren.

Ber folk vere obs

Ved Vegtrafikksentralen var raset i Sunnfjord det første dei fekk melding om i dag.

– Entreprenøren er sendt ut, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK litt etter 13.30. Han rekna då med at vegen kom til å opne innan kort tid.

Han meiner folk må ta OBS-varselet på alvor og følgje med når dei er ute på vegane.

– Fryktar du at det kan kome fleire ras, med det vêret som er meldt?

– Det er vanskeleg å seie. Det kan slå begge vegar. Det har vore meldt liknande vêr før, og så har det ikkje kome ned så mykje, så det kan gå begge vegar.

Nedberge Hille seier det er vanleg at entreprenørane styrkar beredskapen når det er varsla dårleg vêr.