Hopp til innhold

Ras skaper problem for Hydro

Raset mellom Naddvik og Årdalstangen får konsekvensar for den største verksemda i Årdal, Hydro Aluminium.

Hydro i Årdal
Foto: Arve Uglum / NRK

Ei stort ras gjekk på fylkesveg 53 mellom Naddvik og Årdalstangen klokka 02.00 natt til onsdag Vegen mellom Øvre Årdal og Tyin var allereie stengt på grunn av uveret. Dermed er begge fartsårene ut frå Årdal kommune stengte.

Får ikkje folk på jobb

Leiar for kommunikasjon i Hydro, Odd Steinar Nattvik, seier at det på kort sikt blir problem å få tak i nok folk.

– Vi har mellom anna folk frå Lærdal som ikkje kjem seg på jobb. Det gjeld på på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Vi har også nokre som ikkje kjem seg heim frå nattskift, dei får tilbod om å ta inn på hotell om dette vedvarer.

Han seier at dersom vegen er stend over fleire dagar kan bedrifta få eit problem.

– Det kan mellom anna bli eit problem når det gjeld leveransar. Men no må vi berre avvente til vi får oversikten.

Måtte gjere vendereis

Johan Nes var ein av dei som skulle frå Lærdal til Hydro i Årdal på jobb i dag, men måtte snu.

– Vi sette oss på bussen i Lærdal. Då vi kom til Naddvik var vegen stengd, og vi måtte gjere vendereis. Dei fleste av dei som var på bussen blei med tilbake til Lærdal.

Heile samfunnet er isolert med dei konsekvensane det medfører.

– Det viser kor sårbart det er. Eg tenkjer først og fremst på det helsemessige og ambulansar. Det kan skape vanskelege situasjonar, seier han.