Hopp til innhold

Ras og rasfare stengjer vegar

Både i Sunnfjord og i Sogn er det måndag fleire som ikkje kjem seg på jobb som planlagt på grunn av stengde vegar. Mellom Førde og Askvoll er vegen stengd grunna rasfare, medan eit hundre meter breitt jordras sperrar vegen til Arnafjorden i Vik.

Vikafjell stengd skilt

STENGT: Vikafjellet er måndag morgon stengt på grunn av uvêr.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tidleg måndag morgon er ei rekkje vegar i Sogn og Fjordane stengde på grunn av ras, rasfare og uvêr.

Utover føremiddagen har situasjonen ikkje betra seg spesielt.

– Det har kome ein del nedbør i det siste og temperaturen har gått opp, så det er overhengande fare for ras fleire stader, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal like over klokka 06 måndag morgon.

Slik er stoda klokka 11.30:

  • Fylkesveg 92 til Arnafjorden i Vik er stengd grunna stort jord- og steinras – geolog skal vurdere staden i føremiddag
  • Fylkesveg 609 mellom Stongfjorden og Førde er stengd grunna rasfare ved Heilevang – ny vurdering klokka 17. Det var kome ned fleire småras på vegen då Vegvesenet vurderte strekninga i dag tidleg
  • Riksveg 13 Vikafjellet er stengd grunna rasfare – blir ikkje opna i dag
  • Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland – stengd grunna fare for ras
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – stengd grunna fare for ras. Her blir det gjort ei ny vurdering klokka 12

– På Vikafjellet var det begynt å kome ned ein del småras, som også kom heilt ned til vegen. Det er overhengande fare for nye ras, så her blir ikkje vegen opna i dag, seier Nedberge Hille til NRK.no klokka 11.20.

Vegvesenet har alltid oppdaterte vegmeldingar her

Rundt 100 meter veg dekt av ras

Kraftig vind og store nedbørsmengder sette sitt preg på helga, og søndag førte dei veldige naturkreftene til eit stort jord- og steinras i Vik.

Politiet fekk melding om raset like over klokka 19. Raset skal vere minst fem-seks meter høgt og vel 100 meter breitt, og har gått over fylkesveg 92 ved Eitrestrandi ved Arnafjorden i Vik.

Mannskap frå både Vegvesen og politi var raskt på staden, men til alt hell var det ikkje teikn eller opplysningar om at personar eller køyretøy var tekne av raset.

Måndag morgon er vegen framleis stengd, og det er uvisst kor tid den kan opne att.

Det er venta geolog til området i løpet av føremiddagen. Om det blir vurdert som trygt nok til at vegen kan opne vil det uansett kunne ta tid før vegen opnar. Det er snakk om store rasmassar som skal ryddast vekk, og det er førebels ingen som veit om vegen under har teke skade.

(Artikkelen held fram under)

Fylkesveg 92 frå Vikøyri til Arnafjorden

STENGD: Det er på denne vegstrekninga på fylkesveg 92 inn mot Arnafjorden i Vik at det har gått eit stort jord- og steinras.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Stengd grunna rasfare sidan laurdag

I tillegg er fylkesveg 609 mellom Førde og Stongfjorden stengd ved Hundsåna/Heilevang på grunn av fare for ras.

Her varsla Vegvesenet først at dei skulle gjere ei vurdering klokka 10, men i 09.30-tida kom meldinga om at dei vil vurdere staden på ny klokka 17.

Vegen har vore stengd på grunn av rasfare heilt sidan laurdag kveld. Søndag kom det store nedbørsmengder og det vart difor ikkje aktuelt å opne vegen.

Pendlarar og innbyggjarar i nærleiken av Hundsåna har ved fleire høve slått alarm om forholda langs vegen. Kravet er tunnel forbi rasstaden.

Ei arbeidsgruppe som jobbar for rassikring hadde for halvanna veke sidan med seg både lokalpolitikarar og fylkespolitikarar ut i båt for å sjå på den rasfarlege strekninga.

Heilevang

RASFARE: Området ved Heilevang på fylkesveg 609 mellom Førde og Stongfjorden er frykta av pendlarar. Vegen har vore stengd grunna rasfare sidan laurdag kveld.

Foto: Patryk Smørdal / NRK