Hopp til innhold

Ras mellom Hyen og Hestenesøyra

40 meter breitt snøras stenger vegen mellom Hestenesøyra og Hyen.

Ras mellom Hyen og hestenesøyra

SNØRAS: Fylkesveg 615 er steng på grunn av snøras ved Gjølsvortunnelen mellom Hyen og Hestenesøyra.

Foto: Statens vegvesen

Politiet fekk melding om raset klokka 14:39. Politiet opplyser at det er ingen informasjon eller teikn på at nokon er tatt av raset. Gjølsvortunnelen vart sperra, også høgspentlinja vart og skada så SFE er på staden for å reparere den.

– Entreprenøren er på staden og har starta rydding, seier Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

HER KAN DU LESE OPPDATERTE VEGMELDINGAR

Det er store snømassar som har kome ned og det er førebels uvisst når vegen blir opna igjen.

– Entreprenøren har meldt tilbake at klokka 17 håpar dei å ha fått rydda så mykje at dei kan seie noko nærare om når vegen kan opnast.

SISTE: Klokka 17:28 melder Statens vegvesen at det blir gjort ei ny vurdering klokka 19 av når vegen kan opnast igjen.