Hopp til innhold

Bonden filma steinraset som tok livet av fleire av geitene hennar

Bonden blei hjelpelaust vitne til at steinane drap fleire av geitene hennar då det måndag ettermiddag rasa i Lærdalsdalen.

RAS TOK GEITER: Vitne skildrar raset som at steinane kom som sprettballar ned fjellsida på Ljøsne.

– Dette er kjempetrasig og ikkje noko kjekt å oppleve, seier geitebonde Gro Agnethe Nybø til NRK.

Ho blei sjølv vitne til og filma at steinar spratt nedover fjellsida som sprettballar

Raset er nokså stort, og det kom høgt oppifrå fjellsida. Heldigvis har det stoppa nede i skreda, så det er ikkje så mykje synleg, seier Gro Agnethe Nybø.

Ho er gardbrukar og har såvidt fått oversikt over skadeomfanget etter raset. Ho har funne to geiter som var så skada at ho måtte avlive dei, og leitar framleis etter fleire geiter som ho trur blei tatt av raset. I alt har ho om lag 30 geiter i området.

Då NRK får tak i Nybø på telefon, er ho på veg opp i fjellsida for å leite vidare.

Raset har losna heilt oppe i toppen av fjellsida, og berre nokre få steinar kom heilt ned i dalbotnen. Folk i området er ikkje uvande med ras.

– Det går små ras av og til, men det er ikkje ofte det går så store ras som dette. Sist gong var for ti år sidan, men den gongen gjekk det bra med dyra, seier Nybø.

Gro Agnethe Nybø ser oppover fjellsida der raset gjekk

SÅG RASET KOME: Geitebonde Gro Agnethe Nybø såg steinraset som tok livet av fleire av geitene hennar.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK
Ras i Lærdal